06
Jun
11

officium: den hl norbert (+1134), frå ein samtidig omtale (matutin)

«Norbert blir med rette rekna mellom dei som med størst verknad gjekk inn for å setje den gregorianske reformen ut i livet, såleis at han var den fyrste som ynskte å legge til rette ei livsform for geistelege, vigde til det evangeliske og apostoliske livet i reinleik og fattigdom».

Gregorianismen (etter pave Gregor den 7.), eller «Libertas ecclesiæ»-rørsla (Fridom for kyrkja) på 1100 talet sette djupe spor i samtida. Både Bernhard av Clairvaux og hans cisterciensarar og Dominikus og hans preikebrør, litt seinare,  var ein del av dette. Ei svær bylgje av iver for å fri kyrkja frå feudalisme, nasjonalisme,  fyrstemakt og verdsleggjering. Forkynning og sjelesorg for folket, eit enkelt liv etter føredøme frå Jesu liv og arbeid saman med apostlane og etter føredøme frå utkyrkja – det var programmet. «Det apostoliske livet», var nemninga ein ofte brukte.

Norbert grunnla ein orden av prestar som levde i kloster og samstundes vigde seg til forkynning og pastoralt arbeid. Dei var prestar som levde etter ein regel, ein kanon; «kannikar». Det store abbediet i Premontré (Frankrike) gav namnet til Premonstratensar-ordnenen, ein kannikorden som hadde hus også i Noreg, i Tønsberg. Dominikanarane tok, hundreåret etter, premostratensararne som modell (Dominikus var kannik i Osma, i Spania), men valde også å vere omvandrande tiggarmunkar.

 


0 Responses to “officium: den hl norbert (+1134), frå ein samtidig omtale (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: