04
Jun
11

nota bene: heil og hurra!

Hei!  I ein skuff  fann eg tysk-leseboka til mor mi, frå Ålesund off. høyere Allmenskole, frå 1937. Ved  A.Midsem og utgitt på Aschehoug & Co.  Her er det sus over sakene; reinspikka nazipropaganda med lange artiklar om kjekk Olympiade-opning med Hitler, med struttande presentasjon av arbeidsleirar (Arbeitsdienst) for unge med faneheising med hakekrossar, eksis og song. Her er det gladmeldingar om Hitlerjugend («und heute hat der Staat bestimmt, dass jedes deutsche Mädel und jeder Junge… mitmarschieren und erzogen werden müssen..»), t o m med innlagde  skiturar til Noreg.

Ja, for vanlege folk var det òg arrangert cruise til norske fjordar  i regi av den nazi-statlege «Kraft durch Freude»-rørsla. Eit bilete viser ein KdF-dampar full av folk på dekk på veg inn Geirangerfjorden. Eit masseopplegg med mottoet: «Mit freiem Volk auf freien Grund zu stehen».

Heia Noreg, heia Aschehoug!


2 Responses to “nota bene: heil og hurra!”


  1. juni 6, 2011 ved 8:28 am

    Det blei ein lang FBtråd på dette emnet, så fylg med der, dei som kan…

  2. 2 Knut Slinning Bjørdal
    juni 24, 2011 ved 11:28 am

    Arnfinn!
    Om mor di gjekk på realskulen eller gymnaset i Ålesund i 1937, var den same Anton Midsem framleis rektor ved skulen. Han slutta i 1938. Elles er han mest kjend for bridge-bøkene sine.

    Det er alltid kjekt å lese deg både i Sunnmørsposten og Klassekampen, og no har eg til og med gått laus på preikene dine på nettet!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: