02
Jun
11

officium: Helgetorsdag (Kristi himmelfart), frå ei preike av den hl Augustin til denne dagen (matutin)

«Han forlet ikkje himlen då han steig ned til oss, han forlet oss ikkje då han steig opp att til himlen».

Kort og fyndig uttrykjer den hl Augustin kva vi feirar denne dagen – og heile Jesu frelsesverk: Han er «Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av den sanne Gud, av same grunnhått som Faderen» (Nicenum); han er den andre personen i Treeininga, han var Gud også då han tok vår kjøt og blod på seg og levde her i tida, her i denne verda.

Og han er stadig heilt og fullt menneske der han no sit ved Faderens høgre hand. Slik har han teke menneskenaturen opp i Gud, og herleggjort og guddomleggjort mennesket. Han er i oss og vi i han. Som Lina Sandell syng: «Jeg har en broder ved Guds side/som alltid treder fram for meg// Jeg har en nådestrøm så vide /som himlens hvelving strekker seg».

Når vi i dag feirar Jesu Kristi mysterium, feirar vi den djupaste løyndomen om vårt eige liv.


2 Responses to “officium: Helgetorsdag (Kristi himmelfart), frå ei preike av den hl Augustin til denne dagen (matutin)”


  1. 1 Herman
    juni 3, 2011 ved 8:02 pm

    Stort mysterium dette at Han fremdeles er her, selv om Han er faren opp til himmelen. i Eukaristien er Han fremdeles tilstede i brøds og blods skikkelse, og det over hele jorden! Typisk at man ikke uten videre forstår sånt.

    Gud er Gud, Lys er lys, men Vår Herre kan være lyset selv, bare vi aldri glemmer dette som kan ligne, saran, som kan være til forveksling lik.

    Takket være Jesus Kristus har vi fått seier over ondskapen på Jorden, den som vi skal sky.

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: