02
Jun
11

carpe diem: nokre dagar på sunnmøre

Det gjekk fint med føredraget på festspela; ein introduksjon i forkant av konserten til Trio Mediæval, i Bergen domkyrkje (skal leggje det ut seinare).

I dag tidleg feira eg den tidlege messa i St Paul og preika der – og så køyrde eg med Paul Otto Brunstad opp over vetslandet og helt hit. Praktisk at han skulle heim til Sykkylven eit ærend, og eg kunne gå av på Stranda. Det regna lett innimellom og det hang gråskyer ned i fjella der dei siste snøfonnene endå ligg nok så langt ned i liene. Men bjørkaskogen står tjukk og grøn og seier at det sommar, likevel.

Blir her til tysdag. Deretter austover for eit oppdrag før eg held fram studiepermsjonen ein stad på den kanten av landet. Bøker og Macbook og ein skjerma plass er alt eg treng for å gjere den jobben.


1 Response to “carpe diem: nokre dagar på sunnmøre”


  1. 1 Herman
    juni 3, 2011 ved 8:04 pm

    Takker for at alt går så bra!

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: