31
Mai
11

officium: marias gjesting, frå ein homilie av den hl beda (matutin)

» Difor er det ein god og helsegjevande skikk i den heilage kyrkja at alle kvar dag syng denne songen [Magnificat] til vesper. Slik vert det vekt andektige kjensler i sjelene åt dei truande når Herrens inkarnasjon blir ihugkomen så ofte».

Denne festen, som tidlegare var lagt til juli, er i norsk tradisjon blitt kalla Marias fjellgang. Ikkje utan grunn blei det halde messe og stemne på Filefjell, ved Thomaskyrkja, på denne dagen. Maria gav seg opp i fjellet, til slektningen sin, Elisabeth, for å dele si glede. Det er der ho – gjennom Elisabeths profetiske tiltale – får høyre at ho er «velsigna mellom kvinner» og at hennar livsfrukt, barnet ho ber under bringa, er velsigna; og ho høyrer Elisabeths undrande helsing, som sikkert skapte undring tilbake: » Korleis kan det ha seg at mor åt Herren min kjem til meg?» (Luk 1, 39f). Her anar ho at ho er kalla til å bli «Guds mor», «theotokos», gudføderske.

Den hl Beda, den ærverdige, var engelsk benediktinarmunk, ein lærd mann og tidleg kyrkjehistorikar («Historia åt anglar-kyrkja»). Han ser Marias lovsong, Magnificat, sungen i vesperen (aftansongen) som ei stadig påminning om inkarnasjonen.  Lovsongen tek opp i seg heile Israels veg med Gud, heile frelseshistoria – som kulminerer med at Gud kjem oss heilt nær og tek vår menneskenatur opp i seg. I Marias morsliv og ved hennar Ja.

 

 

Reklame

0 Svar to “officium: marias gjesting, frå ein homilie av den hl beda (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: