31
Mai
11

nota bene: Retrett

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 28/5-11…

Norskehavet rett ut.  Hitover kom i si tid irske asketar drivande i små båtar, landa på Kinn og på Selja og blei ”seljemennene”, i legenden fylgjet til den heilage Sunniva. Munkane la ut frå landa i vest, ikkje for å kjøpe og selje eller okkupere land. Dei søkte det ekstreme, det ukjende, det einsame.  I bibelen er ”ande” og ”vind” det same ordet, så kvifor skulle dei ikkje la vinden føre dei dit Gud ville? Her i verda er vi pilgrimar, utlendingar, innvandrarar, sjøfarande.  Vi søkjer ein større heim, difor er vi heime over alt, tenkte dei.

Eg ser ut over det same havet, dei same øyane. Har lånt meg eit hus her eit par viker, for å lese, tenkje, skrive, be. Åleine, for det meste.  Alle klosterfolk har noko av eremitten i seg, og i visse periodar er det bra å gjere ein retrett, dra seg tilbake endå litt lenger enn berre til cella si.  For nokre dagar sidan var det godvêr med mjuke dønningar og gyldne kveldar. No stryper kulingen rundt hushjørna og du ser at den kompakt gråe regnhimlen har drift i seg, likevel.  Kvitt brott over skjer og småøyar lenger ute. Når du er åleine, blir det slik at du kjem nærare alt anna. Som gjester og vener som har stått lenge og venta på å få sleppe inn til deg. Å vere åleine, er å vere ledig. Å opne dei store dørene.

Difor går eg ein kilometer sørover her og kjem nærare sjøkanten. Ei skorte i svaberget, den store, glinsande blad-taren som duvar i overflata rett nedanfor deg, havlukta som trengjer inn i deg som  ein rus.  Lenge må du sitje slik. Då opnar det seg.

Verkelege ord blir til i stilla, i togna. Det kan vere  indre bilete som samlar alt i seg av det du aller helst vil uttrykkje; ikkje berre idéar og meiningar, men sjølve eksistensen, det du slit med, det du ynskjer, det du lengtar etter. Her kjem det ut, som om elementa i landskapet har ein ømleik i seg og får alt det forknytte i deg til å tale. Det kan også kome røyst på orda, og det er underleg å høyre si eiga røyst lyde utover mot ingen – og nettopp difor mot noko eller Nokon som  høyrer deg på ein annan måte enn sidemannen i dagleglivet. Å vere menneske, er å bli høyrt, på djupet. Guds øyre er i elementa. I menneskeverda blir vi ofte misstydde. Sjøen skjønar alt og dømer ingen. Å tale og høyre på djupet, det er byrjinga på bøn.

For nokon har det inga meining å bruke ord som ”Gud” og ”bøn” om slike røynsler, eller at det skulle vere noko ”åndeleg” med naturen. La gå. Alle treng å kjenne grensa for orda og sin einskap og si samhøyring med alt det ordlause i omverda vår. Våge å kjenne tomleiken. Ikkje mangel på meining eller på liv, ikkje den abstrakte og nihilistiske tomleiken, men kjensla av noko større, noko som er for stort for dei vanlege orda og omgrepa.Vi er overfylte av kultur, av sosialitet, av produktivitet, av ting som er gode i seg sjølve, men som må balanserast og dimensjonerast slik at vi kan ta noko av det opp i oss på ein dannande og fornyande måte.

Røynsla av det ordlause som noko du går aktivt inn i, fordrar ein overgang som ikkje går av seg sjølv netopp i ein ofte støyande  og aktivistisk mentalitet som vår.  Dei orda vi gjev vekt og prestisje, er knytte til vitskap, økonomi og instrumentell fornuft, eller til underhaldning og sentimentalitet. Poesien og skjønnlitteraturen skulle vere det ordtilfanget som fører oss inn mot grensa til det som ikkje kan utseiast, men med ei reint naturalistisk røyndomsoppfatning kan det lett bli til at ei surfar rundt på overflata, i det sosiale, det psykologiske og det trivielle.  Dei store orda har vi vent oss til å forakte og misstenkje. Poesien  består eigentleg ikkje av spesielle ord, men av at dei vanlege orda blir brukte på ein spesiell måte, slik at dei opnar opp til ukjende djup i oss sjølve og det som omgjev oss.

Her ute på øya forrettar eg mine tidebøner som alltid elles. Orda i dei bibelske salmane har tolka livet og verda for menneska i tre tusen samanhengande år. I tidebønenene vert dei framsagde i samspel med kroppen – som står, som bøyer seg djupt eller som sit, lyttande.  I forkant, undervegs og etterpå er det stille; ord og togn, kropp og sjel i ein rytme du fell inn og duvar i, som rytmen i døgnet,  i bylgjene og vêret. Ikkje éin gong, ikkje ein gong i blant, men alltid. Det er dette som byggjer brua til det ordlause, til den talande togna. På reisa vestover hit var eg med på eit seminar om Ludwig Wittgenstein. I programmet var det lagt inn ein eksursjon til Skjolden, inst i Lusterfjorden, rett inn under Jotunheimen. Der, på ei berghylle høgt over Eidsvatnet hadde han hatt hytta si. Hovudverket sitt, Tractatus, skreiv han faktisk der. Der, i det stort sett ordlause dagleglivet, granska han grensene for språket. Det scientistiske og logiske språket kjem til eit punkt der det må dra seg unna.  Den store lingvisten sa sjølv at han var mest interessert i det uutseielege.

Sørvesten har hissa seg opp og jagar skybankane opp langs vestlandskysten i kveld . Dei skal få det siste ordet.

 

 

 

 

 


4 Responses to “nota bene: Retrett”


  1. 1 MT
    mai 31, 2011 ved 5:06 pm

    Så flott og godt å lese,gir gjenklang i eigne tankar og hjerte.
    God kveld vidare.
    Marieklem

  2. 2 Herman
    mai 31, 2011 ved 8:27 pm

    Det var jo pent.

    Hilsen Herman

  3. 3 Bodil
    juni 2, 2011 ved 6:47 pm

    Takk for at du satte ord på denne lengselen.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: