No glir m/s Kommandøren inn under Salhusbrua; hansabyen rett rundt svingen! Vi har glidd i sol og regn og kuling nedover vestlandskysten; vakre landskap og lokalsamfunn, som Askvoll, Gulen og Nordhordland. For eit land! Å reise med kata-maran er heilt konge. Kata- maran (gresk), langs havet, i flukt med havet, i samsvar med havet. Akkurat som kato-likk; kata-holon (gresk), i samvar med heilskapen, i flukt med det unverselle.
Som fortettar seg idet lokale, som i byen Bergen, både litt innkrøkt i seg sjølv og sin patriotisme og open mot den store verda. Ikkje minst no under festspela her. Så no er eg på byfjorden – og kjenner at Bergen og strilelandet på mange måtar er «heime», det også. Eg har jo budd her i sytten år!
Lyderhorn i vest no, rett over Loddefjord! Salve!
og du gir oss topologi; sier (logos) stedet (topos). Takk! 🙂