16
Mai
11

officium: måndag, 4. vike i påsketida, frå den hl Basilios den stores bok «Om Den heilage ande» (matutin)

«Ved tre neddykkingar i vatnet og ved like mange påkallingar blir dåpens store mysterium forretta».

Igjen eit døme på at oldkyrkja ikkje kjende vår motsetning mellom  ein sakramental «barnedåp» og ein såkalla «vaksendåp» eller «truande-dåp» som berre ei lydnads- eller vedkjenninngshandling. Dåpen var både ei forpliktande trushandling – og eit verkekraftig sakrament, eit «mysterium».

Kristen dåp førutset tru for å bli brukt rett; dåpskandidaten sjølv  – eller foreldra og fadrane når det gjeld eit barn –  framseier forskainga og trusvedkjenninga. Teologisk sett er det dåp med full neddykking som er det normale. Heilt fram til 15-1600-talet var det vanleg ved dåp av born også i vestkyrkja, slik det framleis er det i aust.  I katolsk kyrkjerett og liturgi i dag er dette også normen, og det blir praktisert særleg ved dåp av vaksne  der det ligg til rette for det.

Vi treng ei fornying av dåpsteologi og dåpspraksis,  i pakt med det som var sjølsagt på den  hl Basileos tid.

Reklame

2 Svar to “officium: måndag, 4. vike i påsketida, frå den hl Basilios den stores bok «Om Den heilage ande» (matutin)”


  1. 1 Solveig
    mai 16, 2011 ved 8:53 am

    Betyr praksisen med barnedåp at den katolske kirka, og også den norske, mener at dåp strengt tatt er en nødvendig betingelse for frelse? I dag er det jo mange som lar barna selv bestemme seg for om de ønsker å bli døpt når de blir voksne nok til å ta et slikt valg. (beklager et slikt naivt spørsmål).

  2. mai 16, 2011 ved 11:09 am

    Ja, både i den katolske og den lutherske kyrkja ser ein dåpen som det grunnleggjande sakramentet og i den tydinga nødvendig til frelse. Men det gjeld jo tru på Kristus i det heile. Kyrkja fastheld dette samstundes som det å vedkjenne trua/bli døypt/initiert i kyrkja er ei sak der menneske må gjere eit fritt val.

    Born av døypte/praktiserande heimar har ein alltid sett som foreldra sitt ansavar, på dette som på alle andre område. Eit barn som ikkje er døypt fordi foreldra ikkje kan- eller vil la det døype, er – også sjølsagt – velkome til å be om undervising (katekumenatet) og dåp når som helst seinare i livet når det er myndig. I framtida vil dette bli meir og meir vanleg/normalt, som i oldkyrkja.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: