09
Mai
11

carpe diem: askrova i

Ein maidag utan like her vest! Før vertskapet mitt dro i dag tidleg, feira vi messa i det endå provisoriske vesle huskapellet her. I ein av salmane i Laudes (tidebøna om morgonen), las eg: «Himlen skal gleda seg, jorda skal jubla, havet og alt som er i det, skal brusa…» (Sal 96). Akkurat slik er det her no!

I morgontimane jobba eg med ei bok om Romantic Religion (R J  Reilly) som m a har eit kapittel om C S Lewis. Lewis skriv om oppdaginga av seg sjølv som tenkjande menneske, heilt frå barndomen, om lengten og imaginasjonen (det norske «fantasi» er noko anna) som erkjenningsveg. Han viser til ein annan forfattar som skriv om ei slik «erkjenningsøy»: «It is not to be found on a map; true places never are». Så her er eg, på ein slik øy – meir enn ei øy, a true place.

Lewis skriv også om opplevinga av  ««Northerness», the vision of spaciousness, severity, even bleakness…. something very like adoration, some kind of quite disinterested self-abandonement to an object». Nettopp. Dette finn ein også hos Tolkien, trur eg eg kan seie. Dette er noko av det som set meg på sporet av det eg skal arbeide vidare med her (Newmans røyndomsforståing). Noko eg også kjenner meg att i. Og sikkert fleire enn eg! Her er eg midt i det.

No skal eg gå dei fem kilometrane til butikken.


3 Responses to “carpe diem: askrova i”


  1. 1 Solveig
    mai 9, 2011 ved 11:00 am

    ja. imaginasjon er beste uttrykket på norsk! (Hos Aristoteles står phantasia mellom aisthesis og noesis, og er, som han seier i De Anima, som en tegner i sjela vår, for «det er det samme å tenke som å tegne (diagraphein)». Og dette er poiesis, ikke reproduksjon)

    Å være midt i det, det er luksus! (i beste betydning) 🙂

  2. mai 9, 2011 ved 12:59 pm

    Sant at «imaginasjon» er bedre enn «fantasi» – men ikkje eit særleg n o r s k ord…

  3. 3 Solveig
    mai 9, 2011 ved 1:13 pm

    så mange nært samanknytta ord for dette (men med ulike konnotasjonar) – phantasia, eikasia, imaginatio, fancy, Einbildungskraft, imagination – og så ikkje eit godt på norsk. synd!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: