Tidleg i dag, før Laudes, la br Gérard og eg i veg til retrett for skandinaviske dominiknarar, i lånt bil. Blå himmel og skinande vår innover Østfolds-bygdene, og like vakkert heile vegen, heilt hit vi sit no, på ei vegkro eitt stykke forbi Karslstad.
Vi skal til Omberg, eit stykke sør for Vadstena, til benediktinarinnene sitt kloster der, dei er vårt verskap. Torsdag køyrer eg tilbake, og snur i klosterdøra i Oslo. For fredagsmorgon berst det vestover, til eit semninar i Sogn (skal kome tilbake til det), og derfrå til Askrova ved Florø. Der blir eg til 30. mai. Etter nokre oppdrag andre stader, held studiane og skrivnga fram, på fjellet ved Kvam i Gudsbrandsdalen, ut juni. Juli blir ferie på Sunnmøre. På plass i Oslo frå 1. august.
No blir det fyrst nokre stille dagar ved Vänaren. Lar nok høyre frå meg undervegs.
Aust for Vätteren i Östergötland er det du skal, bror – vonar de får tid til ein snartur dei få kilometrane sør til ruinane av Alsike cisterciensarabbedi og; der Birgitta budde i oppbrotstida føre ho dro til Roma for å ordne opp i ting. God permisjon!
Hva skal du gjøre på Askrova? Håper du får plass til en tur til Kinn – med klova og den vakre middelalderkirken ut mot havgapet!
PÅ Askrova skal eg jobbe vidare med mine Newman-studiar. Vi prøve å kome meg ein tur til Kinn, ja!
Øyvind: Eg såg klosterruinane lenger sør, men det var Alvastra og ikkje Alsike..
Sjølvsagt var det Alvastra, korleis kunne eg rota med det?
Det liknar 🙂