30
Apr
11

officium: torsdag i påskeoktaven, av ein dåpskatekse frå Jerusalem (matutin)

«Vi veit jo godt at på same måte som dåpen er ei reinsing for synder og gjev oss Den heilage andes gåve, slik er han også eit avbilete av Kristi lidingar».

Teksten syner oss kor realistisk syn ein hadde på dåpen i den tidlege kyrkja, heilt i tråd med den hl Paulus» undervising t d i Romarbrevet (Rom 6). Når oldkyrkja talar om sakramenta som «bilete» eller «avbilete», eller til og med som «symbol», tenkjer ein ikkje dette som noko reint pedagogisk eller illustrerande, slik vi lett gjer det. Biletet og symbolet innheld alltid det  det representerer, på ein verkeleg og verkekraftig måte. Biletet er dynamisk og kraftfullt. Det er eit sakrament .

Difor får vi i dåpen ikkje berre del i den syndsforlatinga som Kristus vann oss ved sitt frelsesverk, men vi blir på underfull, løyndomsfull – ja, nettopp sakramental – vis eitt med Kristus.

Eit sakrament er eit mysterium. Jesu Kristi mysterium.

Advertisements

2 Responses to “officium: torsdag i påskeoktaven, av ein dåpskatekse frå Jerusalem (matutin)”


  1. 1 solveig
    april 30, 2011 ved 11:22 pm

    betyr det at naturen vår blir god, der og då, med virkning vidare? kan vagt huske at Augustin snakkar om spebarntvillingar som viser ondskap i kampen om melka ved moras bryst (?), så Augustin var ein slags pre-protestant?

  2. mai 2, 2011 ved 9:37 am

    I dåpen blir vi løyste frå «arvesynda» (peccatum originali). Før den fullstendige forløysinga ved Kristi gjenkomst, ber vi endå med oss synda og døden, men dei har ikkje det endelege overtaket på oss. Difor lever vi i ein prosess(helginga/guddomleggjeringa), i Kristi etterfylging, i bota, som ei stadig verkeleggjering av det livet vi har motteke i dåpen og ferminga.

    Augustins omtale av speborna ser eg mest som eit retorisk poeng meir enn som eit eigentleg argument; ein kan ikkje basere antropologien sin på slike observasjonar. Protestantisk teologi reindyrka nok visse sider (pessimismen) i Augustins teologi/antropologi, men det er ein reduksjon av det han står for.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s


kategoriar

Advertisements

%d bloggarar likar dette: