«Det vil seia at den som fylgjer Kristus i eitt og alt, ved å fylgje hans fotspor vil nå opp til høgsetet for det himmelske ljoset» .
Frelsa er ikkje berre noko momentant; vi surrar rundt her i livet – og så,vips, blir vi nye. Livet er ein prosess, med sprang og omveltingar, men også med lange liner, ei utvikling. Vi skal leve eit liv i Kristus her og no. Vi skal kvar dag ta vare på trua og leve i henne. Vi skal gløyme det som ligg attanfor og tøye oss etter det som ligg framanfor (Fil 3,14).
Eit liv i Kristi etterfylgjing. Immitatio Christi. Det som ein gong skal faldast ut heilt og fullt, er det vi lever no.
0 Svar to “officium: onsdag i påskeoktaven, frå ei gamal påskepreike av ukjent opphav (matutin)”