25
Apr
11

carpe diem: vel tilbake..

Turen blei fin. Opp Sørkedalen og inntil Heggelivatna, med mykje motbakke! Kort rast der. På toppen og der det var gran-skugge kunne det endå liggje litt snø på vegen så eg  måtte dra DBS-en. På Ringerike-sida var det meir bruksveg og eg sigla bortover langs svære Storflåtan; ganske kjøleg drag frå vatna som stadig hadde islag, om enn tynt og i oppløysing. Ned frå Damtjern i hårnålssvingar og i full fart,  til Åsa, og så  bortover nord-delen av Steinsletta. Kulturlandskap med soge-sus.

Ny rast på Norderhov, med rask fortæring av ein boks Cola – og sukkerdopen hjalp, så eg trødde uventa lett dei siste to mila frå Hønefoss opp Ådalen. Trilla inn på tunet  der eg skulle i sjutida (starta frå Oslo kvart på to). I dag har eg, og dei eg vitja (Kari og Georg Fr Riber-Mohn; takk for stor gjestmilde!), vandra ein vakker tur over furumoar og opp på ein 650 m høg, skogkledd  kolle der det var rester (!) av ei  bygdeborg frå bronsealderen.  Rundt oss på alle kantar breier austlandslandskapet seg ut. Med skogar og åsar i blåne bak blåne, med Norefjell og Ådalsfjella høgtidleg trunande i det fjerne. Eit Asbjørnsen og Moe-land, eit Kittelsen og Werenskiold-land. Eventyr, mystikk og stor ro. Med soldis og varme som ein sommardag. Tung og mørkegrøn gran, ljos og raudlegga  furu, spedd med eit flor av nyutsprungen lauvskog.

Eit plogtrekk av grågås på veg frå Afrika til Svalbard sigla over oss. I skogen er det gaupe  og ein- og annan bjørn som har sine eldgamle far her, lang austanfrå mot Vassfaret eller kvar det kan vere.

For at eg ikkje skulle bli alt for sein heim, blei eg skyssa til Solllihøgda og trilla så ned til Bærum og Kolsås. Og hit.

Advertisements

14 Responses to “carpe diem: vel tilbake..”


  1. 1 solveig
    april 25, 2011 ved 8:29 pm

    så flott tur!

  2. april 25, 2011 ved 8:31 pm

    Ja, kjempeflott. Og eg kjenner det ikkje i beina eingong 🙂

  3. 3 Anne-Hedvig
    april 26, 2011 ved 3:14 am

    Da er du sprek!

  4. 4 Frode
    april 26, 2011 ved 2:10 pm

    Så fin beskrivelse! 🙂

  5. 5 Laila Elisabeth Lian
    april 26, 2011 ved 3:36 pm

    Det hørtes ut til å være en flott tur i Guds frie vakre natur:-)
    (og det uten støle ben, godt jobba!!)

  6. 6 Eirik A.
    april 26, 2011 ved 5:00 pm

    Ha! At du ikke er det minste sliten i benene efter en slik ferd er bare demonstrasjon og imagebygging – og uansett sikkert bare tull!

    Ned med sunnhetstyranniet! Opp og frem med sofasliterne!

  7. april 26, 2011 ved 5:31 pm

    Haha, det er så sant som det er sagt, sorry, eg nok så sprek, face it! 🙂

    «Opp og fram med sofasliterne» – det er jo ei sjølmotseiing. Ned med sofatyranniet 🙂

  8. 8 Frode
    april 26, 2011 ved 6:17 pm

    «…rask fortæring av ein boks Cola – og sukkerdopen hjalp»

    Er det ikke product placement de kaller det? 🙂

  9. 9 Eirik A.
    april 26, 2011 ved 8:02 pm

    Utsagnet er ingenlunde en selvmotsigelse, da det utelukkende må forstås billedlig.

    Jeg rikker meg ikke!

  10. 10 Anne-Hedvig
    april 27, 2011 ved 12:24 am

    Stiller du i Birken neste år?!

  11. april 27, 2011 ved 7:29 am

    Frode: Cola er sjølsagt eit produkt, men også ei nesten universell greie…

    Eirik: Likevel; eit vel dynamisk bilete for å forsvare noko passivt, kanskje? 🙂 Til sofapartiet seier eg berre: Requiescat in pace! 🙂

    Anne-Hedvig: Eg trivst best med uorganisert trim, så Birken går nok utan meg!

  12. 12 Anne-Hedvig
    april 27, 2011 ved 10:05 pm

    Bra du ikke er konkurransegal – mye mer positivt å trimme i eget tempo, synes jeg. Har egentlig aldri skjønt vitsen ved å peise på med tunga ut av munnen og blodskutte øyne som om man har den onde i hælene. Selv hviler jeg nok litt for mye i fred (jfr. Sofapartiet), men jobber da i hagen..

  13. 13 Solveig
    april 28, 2011 ved 8:01 am

    var engang nærmest avhengig av å jogge; det er jo en veldig god følelse man får når man på en måte flyter gjennom terrenget en løper i, og da må en ha god kondisjon. Det er noe helt annet enn å peise på som om man har en viss en i ryggen! Har heller aldri likt organisert idrett.

  14. april 28, 2011 ved 8:53 am

    Som Børre Knudsen sa i eit intervju i Dagbladet: -Oslofolk løper gjennom Nordmarka som de skulle hatt Fanden i helene! – Og det har de jo også! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s


kategoriar

Advertisements

%d bloggarar likar dette: