24
Apr
11

homiletica: påskenatt, st Dominikus krk, Matt 28, 1 -10

Kjære brør og systre!

Å feire påske er å feire Jesu Kristi levande nævere!  –Han er her! Difor seier presten ved kvar messe: -Herren vere med dykk! Han som gjekk gjennom strengde dører alt den fyrste påskedagen og sa: -Fred vere med dykk!, difor seier presten også, like før kommunionen/nattverdmåltidet: -Herrens fred vere alltid med dykk – og vi svarar: -Og med di ånd, og helsar kvarandre med fredens teikn. Det er Han som er midt iblant oss og helsar oss!  -Han er her! Kvar messe er påske, kvar sundag er påskedag! –Han er her!

Og nettopp dette: -Han er her! Er sant fordi engelen ved den opne grava helsa kvinnene som kom med sin sorg, og sa, som vi høyrde: – Han er ikke her, han er oppstanden, slik som han sa –kom bare hit og se stedet  hvor han lå! Kjære Maria Magdalena, du som søkte den døde blant dei døde, du kan synge: -Han er ikke lenger i graven hvor bleknet i døden han lå/Jeg levende så ham i haven/og aldri så skjønn jeg ham så!

Han er ikkje her, i grava – det er ingen fiksjon; ”kom og se stedet hvor han lå!”  Han er ikkje blitt lurt eller smugla bort, han var ikkje skinndød og har gått sin veg; nei: ”han er oppstanden, slik som han sa!”

Han er ikkje her, i grava; det er som å seie: Døden er ikkje her, den er overvunnen, besigra! Enno ei stund lever vi i dødens verd, men døden har fått banesår; vi kan forkynne den glade bodskapen og føre ”liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet”!

Han er ikkje her, i grava; det er som å seie: -Synda sitt grep er borte. Ho har fortsatt tak på oss, men Kristus er sterkare; han har gjort opp for alt, for det verst tenkjelege vi kan gjere eller har gjort, for det mest smertelege og skammelege!

Han er ikkje her, i grava; det er som å seie: Den vondes makt er borte. Den uforklarlege åndsmakta som er på ferde i verda,  Demonen, Fienden, og heile hans hær er knekt. Han som anklagar oss, Satan, anklagaren, treng få ikkje det siste ordet i livet vårt. Vi kan frimodig og med full styrke kome til Gud med våre bøner, med vårt liv, for: Han er ikkje her, i grava; han ”lever for å gå i forbøn for oss”, himlen er open, Faderen tek i mot oss og ventar på oss!

Han er ikkje her, i grava. Han lever og handlar usynleg mellom oss, han utfører sitt verk, i oss, i kyrkja; ja, på ein underfull måte held han heile verda i si hand, han er ho Pantokrator, Allherskaren, Den kvite Krist! Apostlane fekk sjå han på fjellet i Gallilea. Ein dag skal vi alle få sjå han!

Han er ikkje i grava. ”Gud reiste han opp og lèt døden gje han frå seg”, seier Peter i sin tale på pinsedag; ”Døden kunne ikkje halde på han”.

Og heller ikkje på meg; på oss.


0 Responses to “homiletica: påskenatt, st Dominikus krk, Matt 28, 1 -10”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: