20
Apr
11

officium: tysdag i den stille vika, frå den hl Basilios» bok om «Den heilage Ande» (matutin)

«Vår Guds og Frelsars plan for mennesket ligg i å føre det tilbake til seg etter syndefallet, å lyfta det opp frå den tilstanden av framandgjering det var kome i på grunn av si synd, så det kan stå i eit venskapleg tilhøve til Gud».

Vi er framandgjorde; noko er kome mellom oss og skaparverket, mellom oss og andre, jamvel mellom oss og dei eller den vi elskar. Unansett kor nær vi ynskjer å kome – smerten i fråstanden kan merkast. «Nærast er du når du er borte/noko er borte når du er nær» (Tor Jonsson). Ja, vi kan bli framandgjorde i høve til samfunnet og arbeidet vårt (Marx). Mest framande og ukjende kjenner vi oss i høve til Gud – endå «det er i han vi lever, rører oss og er til» (Apgj).

Å overvinne framandgjeringa er ikkje berre å finne sin plass, å fylle sin funksjon, å bli trygg. Det er å bli ven. Liv er venskap. Menneskeleg, økologisk, politisk. Og i høve til Gud.

Gud – min ven!


0 Responses to “officium: tysdag i den stille vika, frå den hl Basilios» bok om «Den heilage Ande» (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: