I dag sprang knoppane ut på bjørker og andre lauvtre her i grannelaget. For berre eit par viker sidan var det vinter. Brå-vår her aust. På nytt sit eg i klostergangen, med veikt, disig kveldsljos innover byen. Stille. Folk held seg verkeleg i ro, eller borte?, denne vika. Men i kyrkja er det fullt på dei store høgtidsdagane. Palmesundag – med prosejon og og med song av Pasjonen i fylgje Matteus, der vi elles les/syng evangeliet i messa. Folk står i 25 minutt; éin kantor syng alle dei mindre rollene, ein av prestane syng Jesus-replikkane, underteikna er evangelist og resiterer sjølve forteljinga. Ved orda: «og oppgav ånden» kneler alle i heile kyrkja nokre stille sekund…
Dagane elles har gått med til prioral admistrasjon (som alltid hopar seg opp), øvingar, skriftemål og førebuningar. Sundag, etter messa, kom eg meg ein tur ut til Hurum, til vakre Ertsvika ut mot Oslofjorden der han vert brei og blir Skagerak langt ute. Sitje på svaberget, sjå, tenkje, be… brArnfinn-modus. Vegen ned til stranda gjennom vårnaken blandingsskog med skimt av eng og åkrar mellom trea, eit stykke borte – og same vegen tilbake, hestehov strittande i grøftene – alt er som eit under, og eg berre går der og er eitt med det.
I dag har vi hatt ein stille dag/retrettdag saman med systrene på Katharinahjemmet. Øystein Lund (MF) har hatt retrettforedrag om Hebrearbrevet. Kristi offer som aksen i alt; i liturgien, i historia, i verda, i livet vårt; oppmuntringa opg påminninga om ikkje å gje opp, men halde fast ved det usynlege, sjølve djupet og høgda i alt som er. Dagen er innramma av tidebønene, messa og samtalane. Som alltid.
I morgon, Skjertorsdag, startar det heilage Triduum, dei tre heilage dagane som leier inn mot sjølve påska. Igjen skal vi syngje – saman med systrene og andre som måtte møte fram – Tenebræ-officiet; matutin/laudes og Jeremias klagesongar. Så er det den store messa om kvelden; festen for innstiftinga av Nattverden, fotvaskinga, tilbedinga av Kristus i sakramentet utover kvelden og inn i natta, avkledinga av altaret…. Jesu store einsemd, og vår eiga. Vi må gjennom det, for å finne oss sjølve og kvarandre på ein ny måte. Helg.
Du har lagt ut fine tekstar til ettertanke. Takk.
Vil få ynskje deg ei god påskehelg. Å fylgje dagane i Påska gjennom gudstjenester er godt og fint.
Marieklem
Takk for at du deler
Mvh Irene Pinaas