17
Apr
11

nota bene: Vest er best!

Fyrst publisert i Signert, Klassekampen, laurdag 16/4-11…

I VG, fredag 7. april, les eg at det er ei overtydeleg skilnad i arbeidsmoral mellom dei norske landsdelene. Vest er rett og slett best. Her går folk minst på trygd, her er det minst sjukmeldingar og minst skulking frå jobben. Røft rekna gjeld det Vestlandet frå Møre til og med Rogaland.  I dette området føregår også femti prosent av den nasjonale verdiproduksjonen – sjølv når ein held olje og gass utanfor – utført av tjue prosent av folkesetnaden i landet. Det er altså sviande klårt at det er noko med vestlendingen. Ein av dei som blir intervjua om saka,  seier at ho lurer på kva det kan  vere.

Ei sosiologisk undersøkjing vil kunne  svare på dette, noko som vil vere av stor interesse, spør du meg.  Eg prøver meg likvel med ei delforklaring som eg trur har mykje for seg. Det har med kultur og mentalitetar å gjere. Ein av faktorane er religionen. I den norske, kulturelle mytologien står Vestlandet for pietisme og markert kristendom.  Her har både bedehuset og kyrkja hatt størst opplsutning, her er det svart, dystert, trangsynt og dumt.  Klisjeane og fordomane står i kø. Ifylgje myten skal den puritanske og pietistiske kristendomen vere så fokusert på det hisidge – det vere seg himmel eller helvete – at folk ikkje bryr seg om verda og samfunnet rundt seg.  Jorda er ein jammerdal som ein berre skal kome seg unna snarast råd.

At tradisjonell kristentru har stått sterkt vestpå, er velkjent. Hans Nielsen Hauge og den etterfylgjande haugianarrørsla fekk stertkt innpass her, og seinare evangeliske og lågkyrkjelege vekkjingsrørsler har hatt djuptgåande innverknad på folkelivet, anten folk har vore personleg truande eller ikkje. Desse rørslene kunne heller ikkje hatt slik apell og gjennomslagskraft dersom ikkje kristen og kyrkjeleg opplæring hadde gjort seg gjeldande på førehand. Folk flest las og song, ofte tunge og krevjande tekster som også blei portalar til den historiske og over-nasjonale kulturarven.  Vestlendingen vart ’lesar’.

Er ikkje dette etoset typisk protestantisk? Jau. Men det er gode grunnar for å sjå den klassiske protestantiske kallsetikken og arbeidsmoralen som ei demokratisering og utviding  av det mellomalderske og oldkyrkjelege klosterkallet. I Vesteuropa  blei den monastiske etikken utforma av Benedikt av Nursia (500-talet), og hans klosterregel, St Benedikts regel, har sett djupe spor i europeisk samfunnsutvikling. Sjølv om  vi ikkje finn sjølve ordlyden i regelteksten, oppsummerer mottoet ”ora et labora” (be og arbeid) mykje av dei benediktinske ideala.  Nøysemd, eit enkelt liv, arbeidet sett som ei teneste  er dygder som inngår i denne livsinnstillinga. Norsk haugianisme og vekkjingskristendom har vore ei folkeleg intensivering og vidareføring av spiritualiteten i katekisme, salmebok, liturgi og oppbyggjingslitteratur, og i underlaget for dette finn vi også  noko av den monastiske tradisjonen, tillempa og omforma.

Haldninga til arbeid  har med  økonomiske og politiske rammevilkår å gjere. Men  òg med kva  ideal og forventingar ein er oppseda med og kva slags kulturell atmosfære ein lever i.  Dette blir prega av dei impulsane som rettar seg mot dei djupaste aspirasjonane i mennesket, til det som  formar samvitet og karakteren.  Grunnleggjande førestellingar om menneskeleg fridom og ansvar  spelar også ei avgjerande rolle. Det er på dette djuptliggjande nivået  tru og religion øver sin innverknad, meir enn  ad hoc-kampanjar og reint politisk moralisme.

Ein  bør ikkje bruke religion som drivstoff for nyttige formål, som t d betre arbeidsmoral. Tru og livssyn må vere motiv gode nok i seg sjølve. Men av og til er det ikkje dumt  å tenkje over at kva folk trur på, gjev utslag på arbeidsstatistikken. Og på Noregs-kartet.


Reklame

8 Svar to “nota bene: Vest er best!”


  1. 1 Wenche
    april 17, 2011 ved 8:00 am

    Du ser vel og ein parallell til Carissimi-rørsla som eit stykke på veg er eit vestlandsfenomen?

  2. april 17, 2011 ved 8:44 am

    Ja, men med den skilnaden at vestlendingar plar våge å stå fram med fullt namn når dei står for noko.

  3. april 20, 2011 ved 7:27 pm

    Eg ser for så vidt ein parallell åt Trøndelagen, ein landsende kjend for småsleipe politikarar liksom Bjarne Håkon Hansen. Ein kam’rat frå Trøndelag fortalde at oldemor hans var adventist og åt ikkje ribbe å juleftan. Men dei åt gjerne «julpøls» med svin i. Det var no greitt så lenge Gud ikkje såg det var gris!

  4. 4 solveig
    april 25, 2011 ved 10:58 am

    Interessant og treffande! Likevel, det er mykje medveten synleg rikdom på Sunnmøre (som er den delen av Vestlandet eg kjenner). Det reine og enkle (moralsk & estetisk) i be og arbeid-tradisjonen ser ut til å vere under trugsmål, eller delvis ha blitt omforma til nok anna.
    Søt historie den om oldemora som kunne ete «skjult» gris! 🙂

  5. april 25, 2011 ved 7:56 pm

    Det er mykje å seie om mentalitet og kultur på Sunnmøre; det trengs intellektuell fornying, men at der er ståpå-vilje og trøkk – det skal sunnmøringane ha.

  6. 6 Øivind
    april 26, 2011 ved 6:44 am

    Dei lange linene mellom kloster- og pietistideal er interessante. Kan hende kunne ein sjå ihuga pietistar som ein slags tredjeordens brør og systre som ikkje lenger kjende sjølve ordenen og den store samanhengen?

  7. april 26, 2011 ved 7:29 am

    Det er ein veldig god innfallsvinkel! Det same gjeld metodistane.

  8. 8 Solveig
    april 26, 2011 ved 9:43 am

    Så via nettet andre episode av Historia om kristendommen i går, den om Konstantin og kristninga av romerriket. Der blei det framheva at klostertradisjonen voks fram (også) som ein protest mot hierarkiet som hadde danna seg i kyrkja. Pietismen har vel også i seg denne anti-hierarkiske haldinga, og eit fokus på livet – i arbeid og bøn.
    Om pietistane er ein slags brør og systre, så er dei av eit slag som oppvurderer familielivet, og reproduksjonen – som jo trengs for å føre livet vidare, og også for å oppfylle Guds meining med oss (har nettopp lese første mosebok igjen, med fokuset på å bli tallrike som sandkorn..)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: