13
Apr
11

officium: onsdag, 5. vike i faste, av eit brev frå pave Martin 1 (+655), martyr (matutin)

«Og måtte dei så, saman med meg arme menneske, motta frå vår Herre og Frelsar, Jesu Kristi hand den ortodokse trus rettferdskrans».

Pave Martin blei landsforvist til Krim, forfylgd av den bysantinske keisaren som støtta den monoteletistiske vranglæra («ein vilje»; at Kristus ikkje hadde ein verkeleg menneskeleg vilje, berre ein guddomleg, og altså ikkje var fullt ut menneske).  For dei kristne  i oldkyrkja var innhaldet i trua eit spørsmål på liv og død.

Kristen tru er «ortodoks» tru, rett tru. Ikkje ei tru på kva som helst. I vår kultur er «ortodoksi», «rett tru», «dogme « o l omgrep nærast skjelsord. Men trua er ikkje «vår»; ho er overlevert oss frå Kristus gjennom apostlane (apostolisk), ho er heile kyrkja si tru (katolsk).  Ho er vedkjennarane (confessorane) og blodvitna (martyrane) si tru.

Saman med alle desse er det vi kan seie: -Credo! Eg trur!

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium: onsdag, 5. vike i faste, av eit brev frå pave Martin 1 (+655), martyr (matutin)”


  1. 1 Laila Elisabeth Lian
    april 14, 2011 ved 8:15 am

    Jeg samstemmer et stort CREDO 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: