Arkiv for mars 2011



10
Mar
11

officium: torsdag etter oskeonsdag, frå fastepreike av pave leo den store (matutin)

I tida framover knyter eg kommentarane/meditasjonane til dei patristiske (kyrkjefedre-) tekstene i matutinen (ottesongen). Referansane finst  i dei gjeldande katolske tidebønbøkene (Tidebønnene, bind I-IV). 

«Høgtelska, det som einkvar kristen bør gjera til ei kvar tid, det må vi no gjera med endå større omhug og fromleik enn elles».

Ofte får vi høyre at det ikkje er naudsynt med ei eiga fastetid eller ei eiga botstid. Vi skal jo legge vinn på dygder og eit rett liv heile tida, ikkje lure oss unna med eigne sesongar for gode gjerningar. Dette høyrest fromt ut, men tek ikkje høgde for den menneskelege røyndomen. Vi er skapningar som som treng øving, påminning, oppseding.

Mennesket er eit «pedagogisk vesen».  Det du vil skal finne ein fast plass i livet ditt, det må du setje av særleg tid til: God form krev trening, tannhelse krev tannpuss, god kommunikasjon krev tid for samver og samtale. Den som ikkje vil setje av tid til bøn fordi han menier seg å kunne be når som helst, han vil snart oppdage at han korkje bed til fastsette tider elelr i det store og heile.

Det er ei tid for alt, seier Forkynnaraen. Også ei fastetid.

 

Reklame
09
Mar
11

homiletica: Oskeonsdag – høgtidleg innleiing av fastetida, st dominikus krk, matt 6,1-6; 16-18/Joel 2,12-18/2. Kor 5,20 – 6,2

Fullsett kyrkje her i klosteret i kveld, i den messa som innleier fastetida. Det blir vigsla oske etter preika/homilien, og alle kjem fram og får oskekross teikna på panna med orda: «Kom i hug, menneske, at du er støv og at du skal venda tilbake til støv»; eller: «Vend om og tru på evangeliet!»

Kjære brør og systre!

Vi står ved inngangen til fastetida. Evangeliet førutset at vi fastar. Når dere faster…, seier Herren, ikkje: ”Viss dere faster…”. Det skal vere ei rett fastetid, det minner både evangeliet oss om og profeten Jesaja i den fyrste lesnaden.

Ei rett faste!

Faste er i si grunntyding, heilt konkret, å avstå frå mat, å kjenne hunger. Men det er også å ta fatt i dei andre av våre apetittar, begjær og lidenskapar. Dei er gode, gjevne oss av Gud, men vi skal vere herre over dei, ikkje dei over oss. Det er dette vi skal øve oss i, få ei ny røynsle av, i fastetida. Ikkje minst er dette viktig i våre rike samfunn; våre livsbehov er overutvikla, vi tar opp for mykje plass i verda, rett og slett. Gjennom den rituelle fastetida treng vi å gå inn i ei meir omfattande fastetid, for å tøyle vårt konsum. Til det beste for oss sjølve, fysisk, psykisk og åndeleg. Til det beste for vår neste, til det beste for naturen og heile skaparverket. Fastetid – det er  bra, både antropologsk, politisk og personleg, for å seie det slik!

For vi er blitt ein slags Mumle Gåsegg-kultur; vi sluker alt vi kjem over:  Føde, teknologi, kulturliv, turisme, underhalding. Til slutt misser vi også evna til å glede oss over livet og over dei godane Gud unner oss. I fastetida skulle vi seie: Less is more! Mindre er meir!

I særleg grad har vi godt av å få kontakt med våre behov, og dermed kjenne på våre grenser. Kjenne kor avhengige vi er; av andre, av naturen, ja, av Gud. Mennesket er eit avhengig, sårbart og forgjengeleg vesen. Nettopp difor held vi fast på skikken frå det gamle Israel, den bibelske skikken med oske som botsteikn. Oskekrossen vi snart skal motta på panna vår, minner oss om a vi er døyelege; ”Menneske, kom i hu at du er støv”, lyder orda vi skal høyre. Oske og støv, dvs jord. ”Av jord er du komen /til jord skal du bli!” Ein dag er det sant for alvor.

Det set oss på plass.  Ja, også Gud veit at vi er støv, står det.Vi har lov til å kome til han, han har forståing for våre veikskapar. Han veit korleis vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv (Sal 103,14). Difor nyttar det også å be, å gjere bot, å fornye slitt liv. Det er demonen som seier: -Det nyttar ikkje å gjere det gode, det nyttar ikkje å søkje  Gud no. Eller:  Det er så mykje  vondt i verda, vi kan ikkje hjelpe alle, likevel. Og det er så mykje vanskeleg i mitt liv. Det nyttar ikkje.

Men  det nyttar! Gud har i Jesus Kristus gjort opp for alle våre synder; Han som  ikke kjente til synd, ham har gjort til synd for vår skyld – for at vi skulle bli ett med Guds rettferd, høyrde vi i den andre lesnaden.

Fastetida er ein nådetid. Det vil seie eit tid då Gud møter deg, då Gud handlar – og du kan handle.  Ei effektiv tid. Ei tid for endring, for eit nytt grep i livet, i stort og i smått. For som vi også høyrde:

 Se nå er tiden inne, nå er frelsens dag!

 

 

09
Mar
11

officium: tysdag, 9. vike i det allmenne året, job 31 (matutin)

«Sjå, her er mi underskrift – lat Den Allmektige svara meg!» (v 35)

Den ugudelege og urettferdige er den som medvite vel ein anna veg enn Guds, som lever heilt sjølvsentrert og omsynslaust; ja som skryter av sitt vågemot og si åtferd. Slik er ikkje Job; han veit med seg sjølv at han i fullt alvor har vilja gjere Guds vilje. Han veit også at han ikkje er syndfri: «Har eg løynt mine synder så som folk har for skikk, og gøymt mi skuld ved barmen? spør han, talande (v 33). 

Job er ikkje servil, han seier ikkje berre det som er forventa av han, han let ikkje sine vener leggje han ord i munnen. Han vil bli dømd av Gud, møtt av Gud, sett av Gud. Å vere ærleg, er òg å vise sjølvrespekt.

07
Mar
11

officium: måndag, 9. vike i det allmenne året, job 29,1-10; 30,1.9-23 (matutin)

«Du lyfter meg opp i stormen, eg fer av stad og går til grunne medan stormen rasar» (30,22)

Gud er voldsam – med sine vener. Du misser alle fotfeste, heile den menneskelege ramma som er gjeven oss av den same Gud og skapar som no rykkjer alt unna deg. No er det berre du og Gud. 

Då er det éin ting som aldri blir teke frå mennesket: Ropet. «Retter ikkje mennesket ut si hand når allting sig i røys? Ropar det ikkje om hjelp i ulukka?» (30,24).  Vi lever ofte i illusjonar. No veit du at kva som er verkeleg: At du treng hjelp. Og at du har rett til å bli høyrt av din skapar. No står du på golvet av livet ditt. Herfrå når du Gud. Til slutt.

05
Mar
11

officium: laurdag, 8. vike i det allmenne året, job 13,13 – 14,6 (matutin)

«Eg vel den farefulle vegen…» (13,14)

Job går rett på Gud, med krum hals. «Tei still og lat meg få tala», seier han til venene sine (13,13). Å kome til rette med livet og med Gud, er å kunne tale ut. Å tale er å frigjere seg, å manifestere seg.

Å late som ein underkastar seg, er å sikre seg. Bereknande smiger. Vi skal ikkje krype for Gud. Vi skal overgje oss, slik vi verkeleg er. Berre den kan knele for Gud, som vågar å stå for Gud.

04
Mar
11

nota bene: Når det mirakuløse blir ein politisk kategori.

Ein artikkel i «Le Monde Diplomatique» nyleg stadfester mi oppleving av den arabiske folkereisinga som  ei historisk hending og vending, på liknande vis som då jarnteppet og muren blei borte. Den slovenske filosofen Slavo Zizek skriv om «Miraklet på Tahrir-plassen»:

For det første kan man ikke unngå å se det mirakuløse i hendelsene i Egypt: Noe som få hadde forutsett hendte, det brøt med ekspertmeningene, som om opprøret ikke simpelthen var et resultat av sosiale årsaker, men av en fremmed kraft som grep inn i historien, en kraft vi på platonsk vis kan kalle den evige Ideen om frihet, rettferdighet og verdighet (LMD mars -11 s 9).

På kristent eller teologisk vis kan vi kalle det Guds hand, Guds makt, Guds grep om verda og historia. Sjølv om ein held seg til den platonske tanken, er det ein innsikt om at det er noko høgre som verkar inn i verda. Ein åndeleg røyndom som ber og motiverer våre moralske handlingar og verkar inn på det historiske og politiske forløpet.

Denne innsikten skal vi ikkje bruke som eit maktspråk, på ein autoritær og demonstrativ måte. For det er nettopp ei kjensle av fridom og von som gjev seg til kjenne i dette. Det er ikkje Gud mot menneska, men Gud som verkar gjennom den menneskelege lengten og driven etter fridom, rettferd og «verdighet». Om Gud er mot nokon, så er det dei som held denne lengten nede: «Rådsherrar fører han berrføtte bort, og domarar gjer han til dårar», les vi i dagens lesnad frå Jobs bok (12,17). Eller som i Magnificat (Marias lovsong): «han… støytte stormenn ned frå trona, men lyfte dei låge opp» (Luk 1,52).  Slike tekster har vi lenge låst inne  «fromme» bur – og så ser vi plutseleg framfor augo våre at dei er verksame i den aktuelle menneskelege historia!

Ofte er politiske hendingar knytte einsidig til visse grupper og interesser. Men både sovjetkommunismens fall og oppreistane i dei arabiske landa står for noko som melder seg for oss, nesten umiddelbart, som universelt, slik også Zizek seier det.  Som noko som går på tvers av grensene. Difor ber dei også med seg noko menneskeleg, noko foryngande og fullt av von. Nettopp dette bryt inn i den vanlege pessimismen og kynismen, inn i det politiske spelet. 

Kanskje er det alt dette som skaper ambivalensen her i Vesten i høve til det som utspelar seg. Det er annleis enn vi hadde tenkt. Det bryt med våre avgrensingar og konstellasjonar, med vår desillusjonering, med vår måte å sjå verda på. Samstundes rører det ved noko som gjev ny von også til oss. Vi anar at Den store forteljinga endå fins. Vi anar til og med Gud. Det er uvant, det gjer noko med oss, og eg trur det kjem til å endre oss…

04
Mar
11

officium: fredag, 8. vike i det allmenne året, job 12 (matutin)

«Kven skjønar ikkje når han ser alt dette, at Gud har skapt det med si kraft?» (v 9)

Job ser alt som er til; dyra, himlens fuglar, jorda, fisken i havet… Og han ser Gud i Guds verk. Denne intiuisjonen er blitt borte for mange menneske rundt oss. Då nyttar det ikkje å presse Gud inn att  med oppfinnsam argumentasjon.

Då må vi berre vente til augo og øyro opnar seg.  Støyen, skuggane og flimret må få tid til å fjerne seg.  Då kanskje skimtar vi Gud på nytt. Varsamt.

03
Mar
11

officium: torsdag, 8. vike i det allmenne året, job 11 (matutin)

«Dei vonde får sløve augo, dei har ingen stad dei kan røma til» (v 20)

Det er slitsamt å leve eit urett liv. Mykje kan ein oppnå, men alltid er ein utrygg. Å leve urett, er eit liv på stadig flukt. Så lenge ein har midlar til å kjøpe stadig nye billettar til fluktrutene, går det ba. Men den vonde har berre seg sjølv å lite på, han har teke livet i sine eigne hender. Når han ikkje lenger har styrke til å røme frå retten, blir han innhenta. 

Ta møtet med retten, ja, med din Gud, så snart du kan. Det kan koste, men det gjev urokkeleg fred.

02
Mar
11

officium: onsdag, 8. vike i det allmenne året, job 7 (atutin)

«Så legg eg ikkje band på min munn, men vil tala i mi naud og klaga min sjelekval» (v 11)

Jobs bok handlar om å tale ut. Ikkje leggje band på seg. Vrengje livet sitt ut for Guds åsyn. Ja, for andre òg, for vener som vil høyre. Jobs vener var  fastlåste  i sine eigne tankar, men dei var der, ja, dei sat hjå han utan eit ord i sju dagar og sju netter før dei sa noko. 

Bøna, skriftemålet, venskapen – det er plassar å tale ut, dersom ein vågar å  vere ærleg og vågar å høyre sitt eige skrik.

01
Mar
11

officium: tysdag, 8. vike i det allmenne året, job 3 (matutin)

«Kvi gjev han ljos til den som lid, kvi let han den ulukkelege få leva?» (v 20)

Når ulukke og liding slår inn i Jobs liv, stiller han ikkje spørsmål ved Guds eksistens, men med sin eigen. Har menneskelivet noko meining når det er underlagt lidinga? Bak dette ligg eit spørsmål – ikkje om Guds eksistens, men om hans godleik og rettferd. 

Jobs bok gjev ikkje teoretiske svar. Ho berre let konfliktane i livet og konflikten med Gud utfalde seg. Jobs bok let Gud og det lidande menneske møtast, andlet til andlet. Opp i åsynet på kvarandre. Frigjeringa og utsoninga ligg i at mennesket får tale ut. Og at Gud får tale ut.  Derfrå finn dei to vegen saman.




kategoriar