23
Mar
11

nota bene: Faste

fyrst publisert i  Signert-spalta i Klassekamnpen, laurdag 19.mars…

Svært mange nordmenn veit at Ramadan er den muslimske fastemånaden. At kyrkja også har ei fastetid som blei innleidd onsdag for ei vike sidan, på Oskeonsdag, er nok langt mindre kjent. Faste, som bøn, er ein tradisjonell religiøs praksis som det er verdt å sjå nærare på.

Aller fyrst nettopp fordi det er ein kollektiv, institusjonell og samtidig personleg praksis. Livssyn, tru og etiske overtydingar er noko som går ut over det rent intellektuelle og emosjonelle. Det er noko du gjer, eit pedagogisk mønster som over tid formar heile livet ditt.  Vår oppfatning av religion har vore einsidig inderleggjort. Tru og trusliv må vere noko reint personleg, originalt og spontant for å reknast som ekte og autentisk. Dei sosiale, rituelle  og samfunsnmessige aspekta ved trua går då i oppløysing – og i neste omgang stryk også det indre meriningsinhaldet med. Mange menneske i dag kjenner på frustasjon fordi dei ideala dei ynskjer å stå for, ikkje toler presset frå dei tunge mekanismane  i forbrukarsamfunnet. Ei gjennoppdaging av felles praksisar vil vere ei hjelp til å verkeleggjere det du meiner er rett.

Faste er ein praksis som stør einskildmennesket når det gjeld å ta grep på det materielle forbruket og  bli medviten om si eiga materielle rolle i verda.

Fasten gjev såleis også  ei røynsle av at mennesket er ein sjeleleg-kroppsleg heilskap. Faste er anvend antropologi. Korleis du forvaltar dine kroppslege behov, verkar inn på både tankar og kjensler. Apetittane våre er samkøyrde; den umettelege, ov-etaren, får lett eit erobrande tilhøve til alt rundt seg. Han meistrar ikkje lenger å vente på dei andre, på sin tur, på sin rasjon. Personlegdomen tek til å tendere mot det monstruøse og omsynslause. Du gløymer kor avhengig du er av andre, av verda rundt deg, og kor sårbar du er. Når du fastar, kjenner du at du har kropp, at du har hunger, at  livet ikkje er noko sjølvsagt. Ein kultur og ein livsstil som systematisk overdøyver dette med uavgrensa stimulering, får eit heilt urealistisk bilete både av seg sjølv og av korleis andre menneske i verda har det. Sjølv om vi les i bøker og blad og kikar på  PC- og TV-skjermane, trengjer det ikkje inn i medvitet vårt. Vi må kjenne det på kroppen. Å faste, er ei form for rituell piercing – du blir påmint om at du er kroppsleg.

Men er ikkje nettopp den moderne verdsetjinga av driftene og livsgodane ei oppvurdering av det kroppslege? Jau, men ikkje av at det kroppslege også set grenser. Det finst sjukdom og smerte og du må respektere andres kroppslege integritet. Ukritisk hedonisme yter ikkje kroppen motstand, men prøver nettopp å oppheve kroppen ved å la driftene og apetittane alltid få det dei krev. Noko som går bra så lenge ein har økonomi og resursar til det.   Menneskeleg opplevingsevne treng også variasjon og kontrastar. Karnevalet –farvel, kjøt – leier over i fasten og fasten munnar ut i festen. Fest og utagering heile tida sløvar oss, stadig ”meir av det same” kverkar sensualiteten

Mest uventa er det at fasten også er ei politisk handling. Ikkje berre som sveltestreik, som ein slags kroppsleg retorikk. Politikk handlar om å påverke livet i ’polis’, i byen, det menneskelege samfunnet. Difor må den politiske agenten, mennesket, vere fritt og ha reell innflyting på samfunnsmekanismane i staden for å vere eit bytte for dei. Ein slik fridom førutset behovsmeistring. Særleg i eit ekstremt velstandssamfunn som vårt blir vi nedrende alt som apellerer til våre behov: Mat, underhalding, sex, reiser, kulturtilbod, ja, til og med religion blir ei vare som ein kan skaffe seg. Å faste, innber at du er sjefen og kan seie nei til det du ikkje vil sleppe inn i livet ditt. Denne meistringa er ei dygd som nettopp blir oppøvd gjennom felles praksis, tilstrekkeleg ritualisert og tydeleggjort for å kunne utøvast regelmessig, over lang tid og stødd av ein større fellesskap.

Hos dei bibelske profetane, som Jesaja, er fasten eksplisitt sosialetisk: ”…at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut den som er trælka, at du deler ditt brød med dei som svelt og lét heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser og ikkje sviktar dine eigne”.

Seinast i dagens VG lyste eit bilete og ein punchline-tekst mot meg; ”Norske barn er mette, late og feite”.  Det seier noko om at vi kan utvikle oss til å bli ein Mumle Gåsegg-nasjon som et opp alt vi kjem over.

Kva med litt fastetid?

 


1 Response to “nota bene: Faste”


  1. 1 Anne-Hedvig
    mars 23, 2011 ved 5:25 pm

    Godt skrevet, frater Arnfinn!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: