23
Mar
11

homiletica: 2. sundag i faste, Mariakrk, Stabekk, Matt 17,1-9

Kjære brør og systre!

Evangeliet i dag er det same som på Kristi forklaring, Transfiguratio Christi. Men då handlar det om Jesu herlegdom, om det guddomlege ljoset som gjennomstråla han. Då er det den sigerrike og himmelske Kristus som står i sentrum.

I dag handlar det om hans veg til herlegdom, til siger over dødens makt. Disiplane fekk nettopp sjå ein glimt, ein Tabor-glimt, av Jesu guddomsglans, for å kunne halde fast kven han eigentleg er midt i kampen, striden og mørkret som skulle kome. For det var dit dei var på veg no, på veg til Jerusalem. Dei hadde byrja på den vegen som skulle munne ut i Via Dolorosa, Smertevegen, vegen til Golgata. Der skulle han fullbyrde Messias-mysteriet, Messias-løyndomen, Messias-gåta: At Messias skulle lide for for folkets og for verdas  synder – og så stå opp den tredje dagen.  Også forklareinga på Tabor var inneslutta i denne løyndomen; difor seier Jesus: Fortell ingen om hva dere har sett, før Menneskesønnen er stått opp fra de døde.

For eit kort moment fekk dei sjå Jesus som Den Allmektige, som Gud av Gud og ljos av ljos (Nicenum), saman med gjester frå himlen, Moses og Elia. Og så, skrekkslagne som dei var – dei hadde kasta seg med  med andletet mot jorda – høyrde dei den kjende røysta: Reis dere, og frykt ikke! Og då dei lyfte blikket så de ingen, bare Jesus alene. Det var han dei skulle fokusere på no.  Han som skulle gå krossvegen. Han som blei lyft opp på treet; for, seier evangelisten Lukas: Laut ikkje Messias lide dette og så gå inn til sin herlegdom?(Luk 24).  Det er denne Messias, den lidande Messias, vi må feste blikket på dersom vi skal sjå han i hans glans, ja, få del i hans glans og hans herlegdom!

Det er han, Jesus, vi ser gjennom alt det Gud har gjeve oss i kyrkja:

Det er han vi ser i Evangeliet, i evangelieboka, så å seie. I sitt Ord er han nær. I ordet om krossen!Det er han vi ser etter i skriftestolen, han som eigentleg seier: Ego te absolvo! Eg tilgir deg alle dine synder!

Det er han vi ser når vi mottar dåpen og blir døypte til hans død og til hans oppstode.

Det er  han som rører ved oss når vi blir konfirmerte.

Det er han vi ser i presten ved altaret, presten som står der in persona Christi som Jesus stod der ved den siste nattverden – eller den fyrste messa – på Skjærtorsdag.

Framfor alt er det Jesus vi ser i sjølve evkaristien, i hostien og kalken som blir lyfte opp: Ecce, Agnus Dei, ”Sjå Guds Lam, sjå han som tek bort verdsens synder! Sæle er dei som er kalla til Lammets bord!” Når vi ser han der, som offerlammet, med såra i si side, så å seie, det er då vi bryt ut med Thomas, midt i all vår tvil: ”Min Herre, og Min Gud”!

Bror og syster! Kven er det vi ser etter i alt det som møter oss i kyrkja? Ser vi berre feila og syndene? Eller ser berre vi etter det eksotiske og spennande? Ok, vi kan ta alt det med – men det hjelper ikkje viss vi ikkje ser han, ”Jesus åleine”, det vil seie:  Har hovudfokus på han.

Kva er det store med å vere ein katolsk kristen? Det er fyrst og fremst dette at det er der vi kan møte Kristus, i hans fullnad, i hans velde, i hans nåde.  Det er så lett å misse fokus: Vi kan bli så manisk suksessrike og vellukka at vi ikkje treng nokon Frelsar. Vi kan bli så fortvila, desillusjonerte eller kyniske at vi ikkje maktar å tru at han kan vere ein Frelsar for meg.  La oss sjå han gjennom- og i vårt eige liv, ja gjennom- og i dei andre sitt liv, særleg dei ulukkelege og lidande.

Saman vil vi seie i dag:

Du er den eneste/helligste, reneste/gi meg ditt rene og hellige sinn// Frels meg av snarene/ fri meg fra farene/ ta meg til sist i din herlighet inn!


3 Responses to “homiletica: 2. sundag i faste, Mariakrk, Stabekk, Matt 17,1-9”


  1. 1 bjørn kristian hove
    mars 26, 2011 ved 12:44 am

    Vert du aldri trøytt og lei av å fare rundt med slikt prat?

  2. mars 26, 2011 ved 1:56 pm

    Bjørn; dette er nok heilt avhengig av kva du trur på. Du bør nok berre forsone deg med at eg og mange andre (understatement) trur på Jesus Kristus. Du står sjølsagt fritt til ikkje å tru.

  3. 3 Solveig
    mars 29, 2011 ved 8:58 am

    ja, tru er ei frivillig sak. Men vi lever i fellesskap med andre, og det er jo ei sosial dygd å trakte etter å utvikle, det å bruke eit språk som ikkje sårer eller på andre måter er nedlatande («fare rundt med slikt prat» er jo ikkje akkurat eit nøytralt uttrykk.)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: