«Kvar pakt står trygt i si eiga tid»
Afraat vil vise at Gud handlar etter ein plan, eit hushald, ein «økonomi». Fyrst gjer han ei pakt med Adam, så med Noa, så med Abraham, så med Moses. Så kjem «den nye pakta, som profetane, særleg Jeremia og Esekiel talar om.
Vi lever i den nye og endelege pakta, i Jesus Kristus. Han er Guds siste og endelege Ord. Den nye pakta er universell og omsluttar alle tider, stader og kulturar. Sjølv om tider og seder og tankeformer endrar seg og er ulike, ligg den grunnleggjande ordninga fast: Skrifta, lesen i ljos av Kristus, dei apostoliske skriftene, credo, sakramenta, liturgien, embetsordninga, den etiske undervisinga. Drakta kan skifte, men «kroppen» er den same.
0 Responses to “officium: onsdag, 1. vike i faste, frå ein tekst av biskop Afraat, om omskjeringa (syrisk, 300-talet) (matutin)”