Måtte tidleg opp og avgarde i dag. Sørlandsekspressen sørover hit til Grimstad. På Normisjons bibelskule, ein heil dag saman med ei elevgruppe på tretti unge. Og saman med læraren – også ung – Karl Johan Kjøde. Innlegg, spørsmål, samtale, måltid, kveldssamling, friviljug nattbøn, morgonbøn – begge deler som forenkla tidebøner. Fint å vere her.
Skulen ligg på ei fabelaktig tomt, med utsyn rett til havs utgjennom den smale skjergarden, så typisk for sørlandskysten. I ettermiddag gjekk eg på skaresnøen ut til ein odde, nokså høgt over sjøflata. Grått hav som bryt lenger ute. Eit svanepar glir langs landet. Store, kvite fuglar i den råe kystnaturen. Som frå ei anna verd. Stille her. Lett snø prikkar mot huda, raslar i restar av turt lauv på trea. Mars ved Skagerak.
naturmann
(ja, naturskildringane har noko reint sant ved seg..)
Det er vanskelig å ikke være naturmann når man ferdes på svabergene utenfor BiG. Flott besøk Arnfinn, du er hjertlig velkommen tilbake.
Karl Johan; flott å ver på BIG, også! Håpar at dei som var med på vaka, overlevde! Stå på i superviktig lærarjobb!