«Så legg eg ikkje band på min munn, men vil tala i mi naud og klaga min sjelekval» (v 11)
Jobs bok handlar om å tale ut. Ikkje leggje band på seg. Vrengje livet sitt ut for Guds åsyn. Ja, for andre òg, for vener som vil høyre. Jobs vener var fastlåste i sine eigne tankar, men dei var der, ja, dei sat hjå han utan eit ord i sju dagar og sju netter før dei sa noko.
Bøna, skriftemålet, venskapen – det er plassar å tale ut, dersom ein vågar å vere ærleg og vågar å høyre sitt eige skrik.
Det er så bra.Takk for at formidlar dette.