24
Feb
11

officium: torsdag, 7. vike i det allmenne året, fork 6,12-7,28 (matutin)

«Du skal ikkje seia: Kva kjem det av at alt var betre i gamle dagar enn no?» (7,10)

Gamalmannsvisdomen er freistande å ty til. For mange blir det ein rein refleks når ein kjem opp i åra.  Heile tida samanliknar ein alle fenomen med det ein hugsar frå fortida. Det har sannsynlegvis å gjere med kjensla av alt det uoppfylte i livet; eit liv som ikkje svara til dei store forventingane og etterlet seg vonbrot og forbitring; ein slags måte for å hemne seg på sitt eige liv. 

Pessimisme og skepsis  – det har alt saman lett for å gå for visdom utan å alltid å vere det.  Fordi det er blitt ei erstatning for tru, von og kjæleik.   Som både toler og verdset  fortida og gjer oss nysgjerrige på  notida og framtida.


1 Response to “officium: torsdag, 7. vike i det allmenne året, fork 6,12-7,28 (matutin)”


  1. 1 Wenche
    februar 24, 2011 ved 6:26 pm

    Min Jesus, sannings stjerna,
    lys upp min myrke veg!
    Mitt hjarta vil so gjerna
    få fylgja etter deg.
    Du lyser enn i verdi
    som før frå Betlehem.
    Ver du mitt ljos på ferdi,
    til heim med deg eg kjem!

    Elias Blix – i dag er det 175 år sidan han vart fødd.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: