19
Feb
11

officium: laurdag, 6. vike i det allmenne året, ordt 31, 10-31 (matutin)

» Kraft og vørdnad er hennar klednad og ho ler mot komande dagar» (v 25)

Vi kan kanskje vere optimistiske og trygge i noet, i augneblinken; framtida held vi unna med inngrodd frykt for at det vonde sikkert vil innhente oss. Som om dagen i dag er røva gods, ei stolen lukke. 

Det er nettopp kvinna med stort ansvar og stort mynde i samfunnsbasen, i huset sitt,  som den bibelske visdomen held fram som føredøme på solid framtidstru. Ikkje svevande, lause planar, men eit menneske  som har «hendene på rokken», som «plantar ein vingard for det ho har tent», som «opnar handa for dei som lid naud» og «retter armane ut til fattigfolk». 

Det er slike tre som står når det stormar.

Reklame

0 Svar to “officium: laurdag, 6. vike i det allmenne året, ordt 31, 10-31 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: