14
Feb
11

carpe diem: retur frå sunnmøre

MIne polske vener og eg er på veg tilbake til klosteret, dei skal vidare til Sverige og Polen. I kveld kom vi til Lillehammer og losjerer hos den katolske presten her.

Vi har hatt aktive dagar. I skinande vintervêr ute på sunnmørskysten; sol og lett austavind kvar dag. Laurdag barst det til Mulevika på Nerlandsøya. Open mot Stadthavet og Svinø fyr. Lang dønning innover den breie, havvende bukta, med svaberg og bylgjeslipt stein. Eit tungt brus heile tida. Oppover liene mot fjellet er det nesten snøberr lyng, men meir snø høgre oppe. Nokre utegongarsauer står og tygg i høystålet som er køyrt ut til dei; skikkelege hardhausar, sporty typar med sid ytterull og krumma horn, lette og raske i kroppen.

I går vandra vi rundt på den gamle mellomalderske kyrkjetufta på sjølve Herøya, midt i leia. Lang prat, som sikkert blei filma, med Pawel, på ein bergknaus ved det fine amfiet for Herøyspelet; Flåvær og – igjen – Stadt rett ut.  

På morgonen feira vi ein enkel messe i heimen der vi bur, og om kvelden var det gudsteneste i Ytre Herøy kyrkje (mellom Eggesbønes og Fosnavåg); type Thomasmesse og litt friare liturgi.Samtale om kristen tru med kveldens gjest, som for høvet var underteikna. Kyrkja var sprengfull, sikkert også pga av at Sunnmøre kr Mannskor var der og pga av gjensyn med den lenge permitterte presten der. 

I dag var det gjesteførelesing på Høgskulen i Volda, med diskusjon etterpå både i auditoriet og  i personalkantina, med lærarane på den religionsfaglege lina. I totida rulla vi ombord i ferja til Folkestad, så strake råsa gjennom Bjørkedalen og Stigedalen, fram langs Hornindalsvatnet, inn til Stryn og over fjellet mot Grotli, Skjåk, Lom , Våga og Otta og med dalen heilt hit. 

Stadig er mi røynsle frå møte, talar og samtalar om tru og samfunn: Opne dører, interesserte menneske, på uventa stader.  Kva skjer?

Reklame

2 Svar to “carpe diem: retur frå sunnmøre”


  1. 1 Blix
    februar 15, 2011 ved 10:54 am

    Da er pateren snart tilbake i klosteret, og vi kan puste lettet ut igjen. Nok en tur med suksess.

  2. 2 Laila Elisabeth Lian
    februar 16, 2011 ved 12:25 am

    Jeg så billedlig foran meg den vakre sunnmørskysten! Og en hyggelig overnatting hos P Pål Bratbak 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: