11
Feb
11

carpe diem: Runde i sol og nordaust

Så var det Sunnmøre igjen. Ein liten turné med fleire oppdrag samla saman, denne gongen. Volda og Ørsta kyrkjeakademi i går kveld. I det gamle lærarskulebygget som no er integrert i høgskulen. Fullt hus og ivrig diskusjon etter foredaget. 

Etterpå barst det gjennom tunnelen under Storfjorden, ut til Tjørvågane, til Sigmund og Norunn (Aksnes), der eg var innom på sykkelturen sist sommar, og sommaren før. Sundag kveld deltek eg i ei gudsteneste i Herøy kyrkje; samtale om tru. Måndag er det open gjesteforelesing på høgskulen i Volda. Og retur til Oslo.

Det spesielle denne gongen er at det er tre polakkar med på turen; Pawel, Pawel og Dominika. Dei jobbar med film; regi, fotografering og lyd. Nok å filme her, Sunnmøre i lett vinterdrakt og idag strålande sol og nordavind på Runde. Alt er ljos, ljos, ljos og kvitnakka bårer. Om alt går bra, blir dei med tilbake i sommar og får det same landskapet i kontrast.

Dermed kom eg meg ut på svaberga igjen og  sat i bårebrotet. Basic. Slå pluggane godt ned i røyndomen, berg, vind, sjø, Gud. Opne sinnet, puste ut all skodda inni deg. Bylgjene og vinddraget fangar det opp, ber det med seg, slettar det.


7 Responses to “carpe diem: Runde i sol og nordaust”


  1. 1 solveig
    februar 11, 2011 ved 2:33 pm

    å, akutt heimlengsel her! Du får helse landskapet og naturen (om det går an å seie) frå meg! Og lukke til med alt!

  2. 2 Camilla
    februar 11, 2011 ved 7:30 pm

    Guds nærvær er påtagelig i den frie naturen. De evige bølgene.
    Jeg tenker ikke på kunstgress og fullvoksne trær som på mystisk vis, fra en dag til en annen, dukker opp midt på fortau eller i rundkjøringer om høsten eller om vinteren.

  3. februar 11, 2011 ved 7:55 pm

    Eg helsar til Flåværleia, til Hisneset og til Gursken, til Breisudnet i nord og Stadthavet i sør; eg helsar til nøre- og søre Vaulen, til Kvalsvika og Muleivika, til Skorpå og Moltustranda. Og til kvittagga sunnmørsalpar inne i aust!

    Naturen, heile skaparverket, er eit sakrament.

  4. 4 solveig
    februar 11, 2011 ved 9:06 pm

    takk! ja 🙂

  5. 5 Laila Elisabeth Lian
    februar 13, 2011 ved 12:01 am

    Ja, man kan bare «sluke» det hele :-)))

  6. 6 Anne-Hedvig
    februar 14, 2011 ved 12:34 am

    Naturen er fantastisk og underfull!

  7. 7 Olav Sæverud
    februar 18, 2011 ved 4:37 pm

    Hei Arnfinn!
    Ja, no vart det heimlengt hos ein sunnmøring busett i Trøndelag.
    Det er flott og viktig. Men det eg eigentleg vil prøve å få fram
    er ei takk til deg for både webloggen din og tankane du presenterer
    i Klassekampen. Det har ført til at eg les den kvar 4 – 5 veke på biblioteket.
    Interessant og framfor alt gjevande lesestoff for tanke og ånd.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: