«For dette er Guds vilje – dykkar helging» (v 3)
Brevet til kyrkja i Tessalonika er eitt av dei eldste skriftene i NT, og gjev oss eit godt inntrykk av urkristen etos og mentalitet. Den nære forventinga om Jesu atterkome står sentralt. Kristen tru er eskatologisk.
Då skulle ein tru at det låg mindre vekt på det dennesidige livet, men tvert om: Det er høge forventingar til den truande si livsferd. Det galdt seksual- og samlivsmoralen, det galdt ærlegdom og ei skvær åtferd i høve til dei menneska ein leve i blant. Tydelegvis var dette område der ein markerte distanse til den heidenske kulturen rundt seg.
Det kristne livet baserte seg på Jesus konkrete undervising: «De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus», seier Paulus (v 2).
Lause kjensler og «billeg nåde» er ikkje urkristendomens varemerke.
0 Responses to “officium: måndag, 4. vike i det allmenne året, 1 Tess 4 (matutin)”