29
Jan
11

officium: laurdag, 3. vike i det allmenne året: 5 mos 32,48-52; 34,1-12 (matutin)

«Og han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor» (34,6)

Reisa var over for Moses, han kom til målet, men ikkje i mål. Guds ven var han, likevel. Gud går tett ved sida til Moses heile vegen. Den ufattelege, overveldande, han som Er – i Mose liv er han påtakeleg, som eit anna menneske. Han gravlegg Moses; ein Gud med hender og spade. Gud, gravaren.

For Guds næraste vener viser Gud seg slik: Ein som er like ved, heilt naturleg, ein konge som sjølv sit rett over bordet med deg. Ein som kan grave ei grav når det trengs. Han blir liketil, som du – og du blir ein del av hans mysterium, som Moses:  «Til denne dag har ingen visst kvar grava hans er» .


1 Response to “officium: laurdag, 3. vike i det allmenne året: 5 mos 32,48-52; 34,1-12 (matutin)”


  1. 1 MT
    januar 29, 2011 ved 9:26 pm

    «Tett ved sida mi går Jesus»,tenkte eg medan eg las,han gjer det,heilt naturleg,…men kvifor kan Han likevel kjennast så langt unna?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: