21
Jan
11

carpe diem: rask heimreis

Ein weekend på Sunnmøre, litt familekontakt. Mor mi bur på Stranda, 88 og greier seg sjølv, men syskena mine – som bur Bodø og Trondheim – og eg prøver å sjå innom et par gonger i året. Siste romjula var eg, som kjent, i Frankrike, så heimreisa blei no. Tilbake i Oslo tysdag.

Som vanleg og som regel tek eg toget. Akkurat no går det raskt bortover Lesja og Lora før vi tippar ned i Romsdalen. Turen opp Gudbrandsdalen er alltid ei oppleving. Skodda over Mjøsa letta, opp dalen blir det stadig ljosare og alt er som ein grafisk komposisjon, ein litografi i tre fargar; brunt, kvitt og gråbrunt. Alle husa er Gudbandsdals-brune og resten gjer seg sjølv. Brune felt av hus, brunkvit skravering av berr lauvskog med lett rim over, store, kvite flater av snødekte enger og bakkar og lange drag av høgfjell lengst oppe.

Eg søv litt, les (Knausgårds «En tid for alt»,  skulle ha lese boka for lengst, sjølsagt..), tenkjer, pratar litt med sidemannen.  Heimover. Eit godt ord.


4 Responses to “carpe diem: rask heimreis”


  1. 1 Solveig
    januar 21, 2011 ved 11:58 am

    Vakkert (orda). og godt.
    (det er de poetiske skildringene som gir oss Værens topologi, sier Heidegger – ikke de vitenskapelige teoretiseringene..)

  2. 2 Wenche
    januar 21, 2011 ved 3:09 pm

    Du målber ei viktig sak: gode søner besøkjer mor si, men gjerne oftare enn det du gjer. 🙂

  3. 3 MT
    januar 21, 2011 ved 10:14 pm

    «En tid for alt» las eg då ho kom ut,hugsa den som vakker.Knausgård skriv godt.

    god helg på sunnmøre 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: