19
Jan
11

officium: onsdag, 1. vike i det allmenne året, 5 mos 7,6-14; 8,1-6 (matutin)

«Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg…» (8,2)

Bibelsk tru er ikkje spekulasjonar, men påminning. Gud har gripe inn før, han skal gjere det igjen. Minnet hentar fram viktige hendingar så vi ser eit mønster. Hendingar og handlingar talar sterkare enn  vårt tankespinn. I liturgien feirar og gjenkallar vi Guds store gjerningar som skapar og frelsar. I meditasjonen og kontemplasjonen tileignar vi oss dette så det festnar seg i oss og blir sjølve kjernen i medvitet vårt, senteret for kroppen og sjela. Å meditere, å grunne, er å kome i hug.

Grunnmønsteret i Guds handlemåte er slik salmisten oppsummerer det når han seier: «Mi sjel, lov Herren, gløym ikkje alle hans velgjerningar. Han tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom» (Sal 103,2-3).

Hugs det.

Reklame

0 Svar to “officium: onsdag, 1. vike i det allmenne året, 5 mos 7,6-14; 8,1-6 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: