15
Jan
11

officium: torsdag 1. vike i det allmemenne året, Sir 42,15 – 43,12 (matutin)

«Han granskar havdjupa og menneskehjarta, han kjenner dei begge til botnar» 

For Sirak og den bibelske visdomslæra er røyndomen éin – med Gud som skapande og nærverande i alt. Det er ikkje berre mennesket som er eit mysterium, det er også havet. Heile naturen er full av teikn på eksistensielle sanningar.  Der kan du spegle livet ditt.

Korleis? Fordi alt har noko av Guds nærvere i seg; den minste stein og kvart bankande hjarta.

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium: torsdag 1. vike i det allmemenne året, Sir 42,15 – 43,12 (matutin)”


  1. 1 solveig
    januar 15, 2011 ved 12:56 pm

    Ja, Gud som sirkelen med uendeleg omkrins og sentrum overalt, som mystikarane sa! Og dette er virkeligheta vår, dette er realisme. Wittgenstein sa ein stad at «ikkje empirisme, men likevel realisme i filosofien, det er det vanskelegaste av alt» – vanskeleg fordi ein då nærmar seg det orda berre kan peike mot; det mystiske. (No les vel ingen av dei mest ihuga filosofiske empiristane/naturalistane bloggen din, men likevel..)

    Fin og aktuell framlegging av orda til Sirak!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: