15
Jan
11

nota bene: Onkel Skrue – landet. A propos Maria Amelie-saka

 

Torsdag morgon ringde  Eivind Trædal, redaksjonsekretær i Klassekampen, og spurde om eg hadde sjans å dra til Trandum.  For å stille opp for Maria Amelie; ein prest  kunne kanskje gje cred til henne. I krise mobiliserer ein alt. Og eg dro opp. Etter det har alt gått fort, og alle kjenner saka. 

 

Alle skjønar også at pågripinga og vedtaket om utsending er ei politisk markeringssak – for ikkje å seie prestisjesak – for den sitjande styremakta. Både regjeringspartia og Stortinget har køyrt opp det ein har kalla «ein streng, men rettferdig» innvandrings- og asylpolitikk. I lang tid har populistiske haldningar mot innvandring hatt aukande vind i segla. Den politiske høgresida har sett dagsordenen og venstresida har kjent seg pressa til å gå inn for innstramming.   Ikkje så underleg at AP med sine makttradisjonar veit å vise musklar; meir plagsamt er det for eit parti som SV med sitt ynskje om å ha ein radikal solidaritetsprofil.  

 

I denne saka møter det norske folket seg sjølve i døra. Dei politiske representantane har vedteke eit regelverk og ei lovgjeving som legg opp til den utøvinga vi har sett demonstrert no. Sannsynlegvis er det det  mange – faktisk eit fleirtal i folket? – som ikkje er samde med den nye «tøffe» lina som har bryska seg meir og meir i det siste. Oppgjeret med «snillismen» er blitt ein trend som alle har lagt seg på, fordi det har verka oppurtunt. Etter mitt syn har det ført til ei forgroving og forsimpling av folkeleg og politisk mentalitet. Noko av dette var eg inne på i ein kronikk i Aftenposten for ei tid sidan (lagt ut her på bloggen) der eg etterlyser ein ny og meir idealistisk populisme.  Dette har sikkert vore der heile tida, men er blitt forskyvd i den offentlege represenatsjonen av «det folkelege».  Ikkje minst i innvandringspolitikken er dette blitt tydeleg. Det er også der ein ser dei mest krasse utslaga i debatten; aller verst i bloggosfæren  – det er verkeleg ein pøl av ytringar til tider. 

 

Noreg minner meir og meir om gamle sure Onkel Skrue som nidkjært vaktar pengebingen sin, som er redd for alt og alle og ser dei fleste som skurkar.  Ein borgmur mot dei fattige i verda. Politisk/parlamentarisk har det vore eit tap at sentrum er svekka og at eit idealistisk parti som KrF er ute av dansen,  og at solidaritetspartiet SV blir kastrert i regjeringssamarbeidet. Kvifor er «økonomiske flyktningar» så utenkjeleg? Som om rikdomen er «vår», i den verda vi lever i? Dei fattige tek den retten dei ikkje får. På syttitalet tenkte ein meir radikalt om internasjonal rettferd  Kva skjedde? Med oss? 

 

På tide at Noreg finn tilbake til den humanistiske tradisjonen ein alltid har rosa seg av. Nansen-året er dessverre alt punktert av denne siste saka. Men kanskje nettopp det kunne vere ein vekkjar?

 

Reklame

20 Svar to “nota bene: Onkel Skrue – landet. A propos Maria Amelie-saka”


  1. 1 Tommy
    januar 16, 2011 ved 12:51 am

    p. Arnfinn – jeg deler ditt syn her. Har tenkt og tenkt, frem og tilbake. Maria Amelie blir behandlet på en svært dårlig måte som ikke er Norge verdig.

  2. 2 Bente
    januar 16, 2011 ved 7:39 am

    Og blir saka meir human fordi om ein lister opp alle dei andre tragiske utsendingssakene av menneske i samanliknbare situasjonar som vi ikkje veit om ?

  3. 3 Tommy
    januar 16, 2011 ved 8:12 am

    Bente: det myndighetene ihvertfall må bli flinkere til, er å være mer konsekvente. Vi skal alltids hjelpe mennesker i nød, men samtidig også se på de som bare kommer hit i feks mer farlige øyemed (terrorisme, tyverier mm). Men de er også mennesker som er på en gal vei i livet og som trenger veiledning.

    Mer samarbeid mellom flere land hadde vært et behov og en mer tydelig asylpolitikk som ikke skaper slike tilfeller som dette, trengs virkelig.

  4. 4 Else Lien
    januar 16, 2011 ved 3:21 pm

    Maria Amelie er en person vi norske kan identifisere oss med. Hun har norsk utdannelse,og hun snakker norsk som oss. Er dette en av grunnene til at hennes sak opprörer oss?
    Mange mennesker kommer til Norge som asylsökere, med krigstraumer,uten mange ressurser, og uten at noen taler deres sak. När de fär avslag pä söknaden, er det ingen som reagerer. Er dette pga vär egen fremmedfrykt? Vi liker ikke de mennesker som vi opplever ä väre annerledes enn oss.
    Maria Amelie tar opp de papirlöses sak. Hun har gitt de papirlöse et ansikt, og det er modig gjort! Häper hun lykkes mht opphold i Norge!

  5. 5 Naidi Engelskjøn
    januar 17, 2011 ved 10:49 pm

    Bare minner om Peer Gynt i Dovregubbenshall»Troll vær deg selv nok » sa Peer da han fikk nok Og det trollet likner vi på nå i Norge og jeg skammmer meg. Og jeg finner vel aldri Haram heller for jeg skjønnner ikke dette blogg systemet God natt og gud være med dere.

  6. januar 18, 2011 ved 9:16 am

    Naidi: Bloggen funkar slik du no brukar han; kommentarar skriv du her. Som sagt; mailadressa mi er: arnfinn.haram@gmail.com

  7. januar 18, 2011 ved 9:37 am

    Else: Heilt enig med deg, Trur saka kan samfattast i dette: -MA tar opp de papirløses sak. Hun har gitt de papirløse et ansikt.

  8. januar 18, 2011 ved 9:39 am

    Bente: Enig med deg også. MAs sak kan setje søkeljos nettopp på den uretten som blir gjort mot dei andre, meri aonyme. På tide at vi vaknar opp og ser det.

  9. 9 Nils Eker
    januar 19, 2011 ved 8:54 am

    Fint at folk kjemper for Maria Amelie !
    Men ville journalister – ja, prester og andre fra den intelektuelle eliten – brydd seg dersom Maira var mørkhudet, ikke hatt utdanning, ikke snakket norsk, og heller ikke hadde noen norsk kjæreste ? Jeg tviler sterkt på det ! Desverre.

  10. januar 19, 2011 ved 2:10 pm

    Sjølsagt ville vi (eg uttalar meg som prest) vi det! Korleis kan du tenkje deg noko anna? Hudfarge, etnisitet, utdanning eller kva som helst er sjølsagt ikkje bakgrunn for min reaksjon. Ikkje minst for ein katolsk prest er alt det «ikkje-norske» noko heilt naturleg. At jenta fungerer godt i det noske samfunnet er elles berre bra i seg sjølv.

    Så her tar du alvorleg feil.

    • 11 Nils Eker
      januar 19, 2011 ved 7:43 pm

      Jeg støtter kampen for Maria A. 100 %, men jeg er på ingen måte overbevist om at jeg tar feil ! Hvorfor blir det sendt ut hundrevis av barn uten at det nevnes i pressen ? Og prestene – hav har de gjort ? Nei, jeg er på ingen måte overbevist. Beklager.

      • januar 19, 2011 ved 8:33 pm

        For min del har eg lenge kritisert den norske asyl- og innvandringspolitikken samt politiske og folkelege haldningar som går på innstramming og proteksjonisme. Kyrkjene har i stor grad stått i brodden for radikale synspunkt heile vegen, med kyrkjeasyl og deltaking i det offentege ordskiftet. Den dagen andre instistusjonar er like tydlege, bør ein vere glad.

        At prestane evt reagerer fordi Maria er norsk, kvit osb er bere tøv. Rett og slett.

        Dessverre har det pågått uverdig utsending av menneske lenge utan at det har vore skikkeleg merksemd om det. Maria har set saka på sakskartet, på vegner av alle.

  11. 13 Bjørn K. Nicolaysen
    januar 19, 2011 ved 4:05 pm

    Nils Eker, eg synest vi alle no bør tenkje over kva for ein retorikk som er i ferd med å festne seg. No skal det liksom vere negativt for ein utlending å vere kvit, sterk, velukka og godt integrert. Eller, alternativt, som nokon seier, slike utlendingar «har vi bruk for». Og så har regjeringa vår sklidd frå å tale om «effektuering av vedtak», som om det heile dreier seg om eit maskineri og folk bare er noko som må gjennom kverna, til å tale om kva som er nyttig for samfunnet. Trur vi alle må gå etter i saumane korleis vi i det heile vurderer vårt forhold til andre menneske: Kan vi kjenne empati med folk i ein fortvila situasjon, eller er dei berre til bry for oss? Og eg siktar ikkje til deg, Eker, men eg synest ikkje det er rimeleg at det skal forutsetjast at Arnfinn, eller kven som helst, kan kjenne sympati eller empati med eit menneske berre fordi ho liknar (litt) på han. Vi vestlendingar har elles alltid hatt mykje kontakt med utanverda, her i Stavanger kor eg bur har jo folk hatt relativ intim kjennskap til både Afrika og Asia sidan midten av 1800-talet, og alle dei gamle sjøfartsbyane var vane med at folk var forskjellige frå oss. Kva har hendt, når ein konstruerer ein retorikk som overser at vi faktisk har vore avhengig av multikulturalitet alltid, for å overleve?

  12. 14 Wenche
    januar 19, 2011 ved 11:44 pm

    Eg kan ikkje sjå anna enn at Eker registrerer fakta. Det måtte ei så fin, så norsk og så intelligent jente til for få til dette. Norsk media går i flokk som vanleg. Fint at det blei resultat denne gongen. Alle ungane som forsvinn frå asylmottaka, er det mindre interesse for. Det er eit faktum.

    • januar 20, 2011 ved 8:32 am

      Eker snakka om prestane/kyrkja. Eg er heilt usamd i at støtten til Amelie har å gjere med at ho er norsk, kvit osb. Det kan vere mange grunnar til at eit sakskompleks brått blir kjent; i dette tilfelle har det i stor grad å gjere med at Maria Amelie har publisert ei bok om seg sjølv og dei papirlause.

      • 16 Wenche
        januar 21, 2011 ved 3:18 pm

        Eg las visst det siste innlegget hans betre enn det fyrste. Einskildmenneske i kyrkja er mellom dei betre, det trur eg og. Men kyrkja som institusjon, med råd og utval, gjer ikkje så mykje av seg. Den katolske kyrkja må gjera seg meir gjeldande i det offentlege, og viss det er slik at de er meir samla, bør jo det vera lettare for dykk enn for Dnk. Her er mange saker å markera synspunkt i.

  13. 17 Solveig
    januar 20, 2011 ved 8:19 am

    At «det måtte ei så fin, så norsk og så intelligent jente til for å få til dette» (Wenche) betyr jo ikke at Eker registrerer fakta når han hevder at prester og den intellektuelle eliten ikke ville ha brydd seg om hun var mørkhudet, uten utdanning, og videre. Kirkeasyl som institusjon og støtteapparatet rundt kan vel neppe anklages for diskriminering med hensyn til etnisitet og bakgrunn? Heller ikke slike prester som Haram som aktivt engasjerer seg mot asyl- og innvandringspolitikken generelt.
    En annen ting er at det nok er tilfelle at mange føler seg mindre berørt jo «fjernere» den andre står en selv, og at dette er med på å forklare det store engasjementet i denne saken. Er sjøl stemor til en fjorten år gammel gutt som er adoptert fra India, og som senest for noen dager siden kom hjem og fortalte at han hadde blitt kalt brunstig neger av en annen gutt på skolen. Slikt misbruk av språket (til å skade) opprettholder jo holdninger som er med på å understøtte det ikke å bry seg i forhold til alle dem som faktisk blir sendt ut av landet. Det finnes mange ekle rasistiske uttrykk i omløp blant skoleelever dessverre.

    • januar 20, 2011 ved 8:39 am

      Det du skriv om son din, er veldig trist å høyre, men ikkje overrraskande. Den slags haldningar har dessvere blitt oppmuntra og legitimerte gjennom det framandfiendtlege køyret vi har sett i norsk politikk og opinion i det siste. Er det nokon som har markert motsette haldningar, så er det kyrkjene, kanskje med unntak av visse kristne høgrepopulistar. Kyrkjene er svært fortrulege med at nasjonalitet, hudfarge o l ikkje skal skilje mellom menneske. Det er FrP-retorikken og dei som har gitt etter for den, som må adresserast her. Viser elles til kronikken «Ein ny populisme» i Aftenposten tidlegare i år; lagt ut på bloggen her (på kategorien notabene).

      • 19 Nils Eker
        januar 20, 2011 ved 2:20 pm

        Takk til Solveig ! Hennes erfaringer bør absolutt legges merke til !

        Jeg betviler hwllwe ikke fader Harams innsats, verken i denne saken og i tilsvarende saker(forstår ikke hvorfor han har fått dette feilaktige inntrykket av mitt innlegg ?). Jeg har heller ikke kritisert verken Harams eller andres innsats i Maria-saken. Tvert i mot !

        Jeg har kun stilt spørsmål ved Kirkens (inkl. den katolske) for de mange tusener av små, navnløse, ukjente og fremmede innvandrere som blir sendt ut av både Norge og andre europeiske land – uten at den intellektuelle elite og Kirken (med unntak av Haram, all ære til han) letter en finger for deres sak. Så vil noen si at Kirken gjør mye. Ja, sikkert, men kan vi lene oss tilbake og være tilfreds med Kirkens innsats ? Kanskje jeg har trakket på noen «ømme tær» i en tida da både frilgjøringsteologene og andre mer sosialt innstilte grupper i Kirken fordømmes ?

        Vil Marias sak snu på dette ? Jeg har min sterke tvil ! Slike mediaskapte saker har en tendens å gli over … uten at grunnleggende endringer skjer. Men vi får håpe at Maria blir værende i landet ! Og all ære til alle som har kjempet for den gode sak, men fortsatt er det mye som er ugjort. Det var i grunnen mitt anliggende. Jeg ønsker ikke å angripe verken Haram eller flyktningen Maria !

  14. januar 20, 2011 ved 4:53 pm

    Nils E: Det eg er usamd med deg i, er at den kyrkjelege støtten til Maria skuldast at ho er kvit, norsk osv… Og at manglande reaksjon på andre utvisingar kjem av at det handlar om folk som er fattige, farga, annleis osv.Det kan seiast mykje om Den norske (lutherske) kyrkja, men nettopp i slike spørsmål har ho markert seg som talerøyr for ein opnare politikk med respekt for menneskeverdet på trass av etnisitet o l. Dette har også å gjere med misjonsorganisasjonane si lange røynsle med menneske frå andre samfunn og kulturar. Det same gjeld den katolske kyrkja, der den kvite europearen – også i Noreg – er i mindretal.

    Grunnen til at Marai-saka har fått stor merksemd, er primært fordi ho , som sagt, har gått ope ut, med bok og publisitet, og at pågripinga blei så spektakulær og symbolmetta, Vi veit alle at det ikkje går av seg sjølv å få kjempeoppslag i media, heller ikkje når ein prest eller biskop går ut med kritikk av samfunnstilhøva.

    Noko anna er det at ikkje minst den katolske kyrkja i Noreg bør kome meir på banen i sosialetiske spørsmål i det store og heile, og innsjå at ho ikkje lenger er ei minoritetskyrkje i eit «hjørne» av samfunnet! Ei slik omstilling tek tid, men er nødvendig. Kritikken av frigjeringsteologien har med andre ting å gjere; at ein omskreiv heile trua til det reint dennesidige. Det er ikkje nødvending for å vere politisk og sosialetisk aktiv.

    I Maria- saka blir det ofte sagt at vi bør vere for ein streng asyl- og innvandringsplitikk, men kunne gjere unntak for ei jente som Maria. Dette er eg usamd i. Det er heile den noverande polltikken og praksisen (med uttransportering av svake grupper som må endrast! Og her, Nils, er vi enige! Lat oss gå vidare saman frå dette utgangspunktet!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: