02
Jan
11

cape diem: la tourette V

Kapitlet går inn i sin sist fase her i Lyon (ferdig tysdag kveld), elller rettare  la Tourette. Mange og lange sesjonar i plenum og i kommisjonar. Som skandinav reagerer eg på mengdene av ord og endelause diskusjonar om detaljar og formuleringar. Eit  møte som varer i mange dagar, gir det heile i større porsjonar enn eg var van med frå studieåra her. Det er tydeleg at den franske kulturen er basert på retorikk og konsept. Dersom ein ting er sagt, er det liksom gjort. Det er sjølvsagt ein illusjon, samtidig som det er ein måte å utøve makt på. Den franske staten er  sjølve den moderne ur-staten, som eineveldig monarki eller som republikk, peu importe. Staten manifesterer seg retorisk; storslåtte erklæringar og talar, storslått akitektur og prangande fasadar, ja, der er fasaden som er viktig! Den offentlege arkitekturen her er rett og slett retorikk i fast form. 

 Heile dette retoriske  imperiet (mykje av det har med Napoleon å gjere) strålar på toppen, men er nok i ferd med å rakne nedover. Innvandring, islams sterke nærvere,  sosiale problem, uroa i forstadane; Frankrike er ikkje så dressert som før. Skjønt stadig er det nokre som apellerer litt patetisk til «dei republikkanske verdiane», kanskje nettopp fordi dei ikkje lenger er så sikre på at dei overlever.  Tradisjonelt er det staten og individet (borgaren, le citoyen) som er dei einaste rollene som er offisielt aksepterte. Staten skal garantere fridom for individet, men i røynda isolerer han invidiet fullstendig frå all anna konkret tilhøyring – og eit slikt fantom-individ er det nettopp lettare å styre, 

 Omstillinga er smertefull for dei franske; dei har vanskeleg for å fatte at verda utanfor (i den grad dei veit om henne som noko meir ein eit leksikalt fenomen 🙂  ) ikkje lenger opplever Frankrike som verdas kulturelle navle. Sakte, men sikkert kjem endringa, likevel. 

 I dag har vi feira høgmesse med erkepiskopen av Lyon, msgr Barbarin, som presiderande og som predikant. Han har, som sagt, ærestittelen «primat des Gaules (primas for gallarane), sjølv om leiaren av den franske bispekonferansen og erkebiskopen av Paris i realiteten har meir innflyting. Lyon -distriktet og bispedømet her har alltid vore eitt av dei katolske tyngdepunkta i Frankrike, med stor folkeleg oppslutning. Uventa sterkt var det for meg i dag då tanken slo meg at denne biskopen er etterfylgjaren av st Ireneus, biskop og martyr her på 200-talet. Plutseleg kjende eg noko av kva det vil seie å vere ein katolsk kristen. Den djupe rota. Etter messa gjekk eg bort til kardinalen og ba om ei velsigning, som eg mottok mitt i mylderet av pratande folk før middagen. Heit greitt her. Han sa at han hadde foreslått for paven å erklære den hl Ireneus som ekumenisk kyrkjelærar  (doctor ecclesiæ, som  Augstin, som Aquinas, som Katharina av Sienna…). Ireneus» skrifter og teologi er sentra rundt Kristus som verkeleg Gud og som verkeleg menneske av kjøt og blod, for berre slik kan han vere vår frelsar. Både skapinga, inkarnasjonen, frelsesverket og sakramenenta er sentralt hos Ireneus – difor er han blitt ein viktig teologisk «møteplass» for alle kristne; for katolikkar og ortodokse, men også  for pinsevener og evangelikale kristne. Spennande.

 Vi hadde fri i ettermiddag, og eg gjekk ein lang tur opp til eit lite valfartskapell oppe på åsen, reist av bøndene og landsbyfolka like ved her, i 1860. Meir om det.


3 Responses to “cape diem: la tourette V”


  1. januar 3, 2011 ved 3:46 pm

    Fr Arnfinn Haram!
    Jeg har nettopp oppdaget din interessante blog! Var fra før av kjent med dine gode artikler i Klassekampen. Det er så fint det du skriver, jeg kommer til å følge deg videre! Jeg har arbeidet en god del med middelalderklostrene i Norden fordi jeg forsker på klosterplanter, og jeg har jo lest om at abbedene måtte reise på mer eller mindre årvisse generalkapitler på kontinentet, og her kan jeg lese om hvordan du opplever et slikt kapittel i dag! Fantastisk!

    Beste hilsen Per i Kristiansand

  2. januar 3, 2011 ved 9:14 pm

    Ja, det er artig! Her er det historisk kontinuitet! Også i dominikanarklostra var det hagar til eige forbruk,ivaretatt av lekbrørne. Dessverre har Rimi overtatt for vår del, i Neuberggata, men ved utviding/ombygging av klosteranlegget (God willing!) skal det bli meir hage. Jorddyrking utover det har ikkje dominikanarane som oftast; vi er urbane, tiggarmunkar,predikantar (skribentar, undervirarar, forskarar etc…). Vår struktur er flatare/meir demokratisk enn benediktinarane og cisterciensarane sin, så vi har ikkje abbedar på livstid, men priorar valde på åremål av klosterkapittelet.

    Provinskapittel og generalkapittel (fior heile ordenen) er uansett slitsame, ikkje minst hos snakke- og formuleringsfixerte franskmenn. Men eg overlever. 🙂

    Eg skal forresten til Kristiansand eit par gongar i år (foredrag.

    • januar 5, 2011 ved 2:44 pm

      Jeg takker for svar, ja jeg har skjønt at dominikanerne er urbane og nettopp det du beskriver, men jeg har inntrykk av at litt hagebruk ble det utført ved dominikanerklostrene slik som du nevner. Er det katolsk forum du skal til eller? Programmet for våren 2011 er ikke lagt ut ennå, du må gjerne melde fra om tidspunkt!
      Beste hilsen Per


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: