31
Des
10

la tourette IV, nyttår

Siste dagen dette året  er eg her, i Frankrike. For ein dominikanarbror, ja, djupast sett for alle kristne, er alle land eit fedreland, for vi har vårt borgarskap i himlen og er pilgrimar her i verda. 

Forhandlingane i kommisjonar og i plenum er lange – og ordrike, og det tek på kreftene å sitje stille så lenge. Vonar på litt fritid i helga så eg får gått ein litt lenger tur oppover åsane. På ein åskam eit par kilometer unna ligg det ei vakker, gamal kyrkje, dit tenkjer eg å gå. Her i le  Lyonnais (landskapet kring Lyon) har jo kyrkja vore planta heilt frå den fyrste tida; i den hl Ireneus var biskop i Lyon og ein av dei som argumeneterte og forkynte mot gnostisimen. Den gongen var området ein del av  det romerske riket,  provinsen Gallia, og mange kristne leid martydøden her, mellom andre den hl  Ireneus. 

Endå i dag er erkebiskopen i Lyon Frankrikes primas.  Så her susar historia, både den politiske og den kyrkjelege.  I dag tidleg høyrde eg forresten ei ugle tute i klosterskogen her; det var i otta og endå mørkt, svake konturar av bladlause, store lauvtre utanfor, ei bleik strime av ljos over austhimlen. Rytmen er stort sett den same som heime; eg går i refektoriet, alt er stille, tek ein bolle med kaffi, eit eple, litt brød; eit par andre brør dukkar opp, eg går til det vesle oratoriet (kapellet) ikkje langt frå mi eiga celle. Mørkt. Skimtar altaret av betong midt i rommet, eit krusifiks av jarn mot eine veggen, så vidt ljos frå eit skrått vindauga i det pyramidiske taket som endar i ein spiss høgt oppe. Når ljoset kjem, felll det presist innover altarbordet. 

Der sit eg. Det er å be – eller byrjinga på bøn: Vere der. Konkret, ikkje illusjonar, ikkje fantasiar, ikkje pressa kjensler, men noko verkeleg. At du er der. Slik du er, med alt du er. Og Gud er der. Då kan du, om du vil, ta fram alt du vil be om for deg sjøl og andre, alt du ynskjer, alt du du fryktar, alt du vonar.  

Kjenn golvet under føtene. Himlen når heilt ned dit. 

No har vi sunge vesper. Det store rommet er laga for eit stort kor av brør. Det kling heilt unisont, som éi røyst. Også den lange pausen mellom halvversa i salmodien fell inn i ein fullstendig felles rytme. Måten å syngje på, sjølve songkulturen, har vakse fram gjennom århundra; dominikanarordenen har sin eigenart i songen, litt kraftigare og raskare enn hos benediktinarane. 

Det blir ein fin nyttårsaftan her. Heilt fyrverkeri-fri. Eg legg ut nyttårsdiktet eg skreiv for nokre år sidan…. Godt nytt år!


2 Responses to “la tourette IV, nyttår”


  1. 1 MT
    januar 1, 2011 ved 9:42 am

    «Kjenn golvet under føtene.Himlen når heilt ned hit» Yezz 🙂

  2. 2 Solveig
    januar 2, 2011 ved 1:53 pm

    Synd det ikkje fins «likar» knapp på bloggen! – Det du skriv om bøna som konkret, og himmelen i det konkrete. også.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: