28
Des
10

carpe diem: la tourette iii

Varmare i dag. Det tynne snølaget skrumpar og fordampar. Det frosne vatnet som heng utfor takrennene til le Corbusier tek til å dryppe. Eg kan sitje på cella utan tjukk gensar. I dusjen er det rett nok nesten ikkje varmt vatn, det berre sildrar; til gjengjeld fossar det med kaldevatn. 

I dag har vi valt ny provinsialprior. Fr Jean-Paul Vesco. Franskmann, ung, prior for eit lite kloser i Algerie. No må han reise sporenstreks hit for å overta leiinga av kapitlet. Vi kan ikkje foreta oss noko formelt utan han. Trur det er eit bra val. Ein yngre mann som kjenner livet utanfor Frankrike, ein som også kan ta nye avgjerder og forandre fastgrodde (u-)vanar.  Provinsen treng fornying. Dominikanarane har rektruttert relativt godt dei siste åra, i motsetnad til mange andre kongregasjonar, men no trengs ein ny giv.  Unge menneske ynskjer meir radikale livsformer. Og fordjuping meir enn aktivisme. 

Eg er plassert i ein kommisjon som skal fornye/revidere utdanninga (formasjonen), både i det regulære livet (sjølve klosterlivet, den asketiske og kontemplative dimensjonen) og dei akademiske studiane. 

Det blir ein spennande tid.

Reklame

1 Tilbakemelding to “carpe diem: la tourette iii”


  1. 1 solveig
    desember 29, 2010 ved 6:02 pm

    Lykke til, det høyrest både spennande og viktig ut! (Skal forøvrig sjå filmen Om Guder og mennesker i morgon, om brødrene dine frå Cistercienserordenen i morgon. Gleder meg)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: