26
Des
10

carpe diem: over sjø og land…

…stort sett i lufta. For her sit eg på Gardermoen og ventar på å entre fly  til Lyon med skifte i Zürich. Saman med br Gérard Marie er eg nemleg utsending (ex officio, som prior) på den franske dominkanarprovinsens kapittel (generalforsamling) i Lyon, på det kjende le Corbusier- klosteret vårt det, La Tourette. Litt utanfor Lyon, rett nok. Ein haug med elektroniske dokument å lese når eg kjem på cella der i kveld, Deo volente. Vi får berre vone og be at reisa går greitt, trass eit noko nedkjølt Europa. 

Jula i St Dominikus har vore fredeleg , med meir enn fullsett kyrkje både julenatt og juledag. For min del har eg også hatt litt preikestol i eit par av Oslo-avisene på julfatan. 

God jul framleis til alle! Etter planen er vi tilbake i Oslo den 5. januar. Kanskje får eg lagt ut stoff på nettet/bloggen også i Lyon. Pax!

Reklame

1 Tilbakemelding to “carpe diem: over sjø og land…”


  1. 1 Anne Marit
    desember 26, 2010 ved 7:41 pm

    Ei lita helsing frå Sunnmøre medan du er på reise. Eg har feira 2.juledag og Stefanusdag på Giske i dag. Flott gudsteneste saman med bl.a. Giske mannskor. Mellom anna song dei julesalmen din «Djupaste mørker låg over jord». Den er flott! Signe pennen din!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: