26
Des
10

carpe diem: couvent de la tourette

No sit eg på cella her i klosteret, Sta Maria de la Tourette, nord for Lyon.  Det er mørkt ute. Her er ingen gardiner. Cella er nokre meter lang og eit par meter brei. Eit enkelt bord står ved vindauga. Ein stol, ei lampe, ei enkel seng, eit skap utan dører, men med eit par hyller, står ut frå veggen på tvers i rommet og deler av ei lite inngangsparti med vask. Cella endar i ein  miniatyrbalkong. Det er sikkert 150 slike celler her. Alle like, alle med vegger i betong som er grovsladda for å hindre oppsamling av personleg stasj. 

Heile klosteret er avangtgard-arkitektur, verdsberømt. Det kan verke bistert, men det gjev nettopp den atmosfæren av «austerité» som er tilsikta – og som var ynskt frå brørne si side då det vart prosjektert. Aller best kjem dette strenge og nesten «stygge» til sin  rett når klosteret er fullt av brør som lever det fullstendige dominikanske livet. Etter krisa i 68 er det no berre ein liten kommunitet her, som driv undervising, kulturarbeid og tek mot gjester, ikkje minst arkitektur-turistar som valfartar hit frå heile verda, 

Kyrkja er stor; heilt naken, med eit enormt kor (nesten 200 korstolar) for brørne og litt plass for folk utanfrå. Ei verkeleg monastisk kyrkje dette. Akustikken er heilt overnaturleg, med ein rå etterklang som blandar tonane høgt oppe under taket, får det til  verke som dei stig opp i det hisidige, eller rettare: som om dei kjem derifrå, like gjerne «nedanfrå,» får ein brunn eller ei kjelde, eit uutgrunnleg djup. Her skjønar du noko av  tidebønsongens metafysiske karakter. 

Det er kaldt i huset, særleg på cellene. Dårleg oppvarming. Glad eg har den tjukke Devold-gensaren med meg, utanpå kutta. 

Ruta er svart. Eg bed snart mitt kompletorium og legg meg.

Reklame

1 Tilbakemelding to “carpe diem: couvent de la tourette”


  1. 1 Eiliv A. Larssen
    desember 29, 2010 ved 8:31 pm

    Hei Arnfinn.
    Jeg leser deg fortsatt – i rykk og napp – med interesse.
    Du nevner en krise i 68. Det gjorde meg litt nyskjerrig. Hadde det sammenheng med vedtakene i Vaticanum 2? Kunne du si litt mer om det?
    Du berører også i et innlegg at det kan være behov for å gjøre noe med enkelte uvaner innad i ordenen. Det gjorde meg også nyskjerrig…..


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: