14
Des
10

carpe diem: «ullern videregående»

Hadde aldri trudd at eg, vestlandsfanden, skulle kome til å ha timar på Ullern! Men her er eg i dag (og var eg i går) og på torsdag; møter over hundre elevar, klassevis. Invitert for å svare på spørsmål om tru og katolsk kyrkjeliv. 

Og timane går som ein røyk; vi held på langt  inn i frikvartera! Alle slags spørsmål, veldig open atmosfære. Sunn erfaring for ein klosterbror. Unge menneske må ein vere ærleg med. No escape.

I ein pause på lærarrommet har eg fått høyre om den pedagogiske kvardagen for moderne «gymnas»-lærarar. Fagmetodikken blir meir og meir teknisk, humaniorafaga (som skjønnliteraturen) blir skvisa – og lærarjobben blir nedtyngd av kontorarbeid.  Er dette bra?  Noko av det eksistensielle ved læresituasjonen blir avssvekka, for både lærar og elev. Skuleleinga blir stadig meir skuleetatens og «systemetes» forlenga arm. Kva skjer?

Reklame

12 Svar to “carpe diem: «ullern videregående»”


  1. 1 Solveig
    desember 14, 2010 ved 11:13 am

    Noko av det same skjer på universitetet, men heldigvis, det eksistensielle er det enno rom for, i fag rundt omkring. Lukke til med undervisninga (dårleg ord, for om det handla om å vise dei som er under, og ikkje samtale, ville jo det eksistensielle løse seg opp i luft)!
    Fint når det går som ein røyk, også euforien som følgjer med er bra – for situasjonen, og alle i den. Ikkje all «hedonisme» som er negativ! 🙂

  2. desember 14, 2010 ved 1:45 pm

    Der sa du eit sant ord; dette er krevjande, men det går med liv og lyst!

  3. 3 Anne Marit
    desember 14, 2010 ved 3:32 pm

    Ja, det er til å kjenne att det du skildrar frå lærarrommet. Eg har vore der sjølv, men det vart kortvarig. No er eg prest i Den norske kyrkja og kjenner på mykje av det same her. Å, kor eg kan misunne deg fridomen din, bror! (Misforstå meg rett!) Bundne og frie, det er vi alle – men er vi det til / frå dei rette tinga…?

  4. 4 Øivind
    desember 15, 2010 ved 7:31 am

    Som vestlandsprest på ei fløy i folkekyrkja var du vel aldri vorten invitert til Ullern gymnas. Som klosterbror midt i verdskyrkja, som nå er lita i Noreg, vil mange fleir høyre på deg. Det er bra.

  5. desember 15, 2010 ved 8:17 am

    Øyvind: Det er nok rett, men fyrst og fremst må ein vere seg sjølv, trur eg.

  6. desember 15, 2010 ved 10:05 am

    Som klosterbror midt i verdskyrkja, som nå er lita i Noreg, vil mange fleir høyre på deg. Det er bra.

  7. 8 Tommy
    desember 16, 2010 ved 12:20 am

    Hvordan gikk det p. Arnfinn, hørte elevene på deg?

  8. desember 16, 2010 ved 12:25 pm

    Øyvind: Eg var no nokså aktiv då var i DNk, også.. Men det har forbausa meg at det etter fire-fem år utanlands var muleg å finne att den norske tråden… Og OK, som dominikanarbror har du ein bra preikestol.

    Tommy: Veldig lydhøyre og ivrige med spørsmål; eit privilegium for meg å treffe dei, og timen gjekk lynraskt med kø på «talarlista».

  9. 10 Wenche
    desember 16, 2010 ved 11:36 pm

    Så er det kanskje ein føremon å bu i Oslo… dessverre, vil eg seia.

    • 11 Herman Gunnarsjaa
      desember 17, 2010 ved 5:00 am

      Mulig det er mer fordelaktig å bo i hovedstaden, men egentlig er det jo ikke det som er poenget, synes jeg! (Som bor i hovedstaden..). Nei, poenget er, slik jeg ser det, at det finnes mange flere byer i Norge som kunne trengt til enda flere dominikanere! Vadsø, Tromsø, Trondheim, Ålesund, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Sandefjord, Larvik, Drammen – alle er de byer på det store Norgeskartet. Og alle hadde trengt å vite litt mer om munkeliv, klosterliv, og ikke minst Evangeliet! Som et supplement, naturligvis. Men her som alle andre steder (der man ikke har dette mer innarbeidet, som i Italia, Frankrike og Spania): har man problemer med å dreie solen rundt månen!

      Synes det er trist at det blant annet er Guds skaperverk, eller menneskets oppfatning av dette, som er mye av årsaken til sekulariseringen i samfunnet og til splittelser av kirkesamfunn. Men positivt: at vi har folk som frater Arnfinn, som reiser land og strand for å forkynne det glade budskapet på sin måte. Det skulle bare vært så mange flere…

      Sier jeg, da. Som er uhelbredelig katolikk..!

      Hilsen Herman

  10. 12 Wenche
    desember 17, 2010 ved 9:50 am

    Ja, der finst ikkje maken til bror Arnfinn. Og me får vel seia at det er bra han bur i Oslo, for då når han lenger ut med bodskapen sin.
    Bror Arnfinn blir og sjølv orientert når han er ute på reis. Også derfor er hans analyser ekstra interessante. Alle journalistar burde gjera som han. Då ville me fått presentert eit betre bilete av korleis verda eigentleg ser ut.

    Folk i byar utover i landet klagar på at dei ikkje når fram i riksmedia. Folk i meir grisgrendte strok får ikkje regionavisene ut, og lokalavisa rapporterer mest frå sitt sentrum. Slik er det overalt. Men det er me som sit ytst, som ser det. Det ligg kanskje i menneskenaturen å venda blikket mot sentrum.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: