05
Des
10

carpe diem: st josef og sildabyen

No har sr Anne Bente (Hadland o.p.) vore her sidan torsdag. Fine dagar i St Josef, med undervising og samtale, med skriftemål og forbøn for sjuke. Eg har budd i prestegarden, men har også vore gjest hos ein familie til frukost og på kveldstid. Fredag, på dagtid, fekk eg ein tur ut til Åkra og Åkrasanden, på Karmøy. Vindstille og sol. Karra meg ut på det ytste neset og svaberget og stira til havs, mot Utsira og horisionten. Stille timar for deg sjølv er nødvendig pgså når du er på ferd og blant folk. Karmø er forresten eit skikkeleg vakkert og fascinerande kystlandskap; skal ta ein lang sykkeltur her ein gong, God willing. Grøn mark, lyngheiar bak, svart berg og kvite strender. Og hav. 

I dag har vi feira høgmesse med afrikansk kor (folk frå Burundi som no bur her) og ellles mange slags nasjonalitetar, språk og kolørar. Same glade, familiære atmosfæren som eg har merka i alle dei lokale katolske kyrkjelydane. Vanlege folk, som veit kvar dei høyrer til. Alle aldrar. 

I kveld er det tilbake til Oslo.


2 Responses to “carpe diem: st josef og sildabyen”


  1. 1 Grete Stølen Ringdal
    desember 5, 2010 ved 2:00 pm

    «Vanlege folk i alle aldrar som veit kor dei høyre te..I alle aldrar)): det kjenne eg veldig på i det katolske fellesskapet!…men det daglege i bøn og stillheit her i den vakre naturen gjev meg den største nærheita te budskapet frå Herren. God helg Broder.

  2. 2 Herman
    desember 5, 2010 ved 2:38 pm

    Kjære fr Arnfinn og sr Anne Bente!

    Jeg ønsker dere en fortsatt fin reise, og til dere begge og til alle andre her på bloggen:

    ha en fin advent!

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: