Arkiv for oktober 2010



11
Okt
10

officium: måndag, 28. vike i det allmenne året, 1 tim 6,11-21 (matutin)

«Det skal han la oss få sjå i si tid…» (v 15)

Vår Herre, Jesus Kristus, skal kome att, seier Paulus (v 14). Det er allmenn kristen tru heilt frå byrjinga. Han skal «kome til syne», står det eigentleg; vi trur på Herrens «epifani», hans tilsynekomst. 

Han er Herre no, aktiv og mektig, med sin tronstol i den usynlege verda. Ein dag skal vi sjå han. Eg trur på Gud, han som har skapt himmel og jord, han som har openberra seg gjennom profetane, i dei heilage Skriftene, han som fører historia fram mot sitt mål. Han  skal la oss få sjå det  «i si tid». 

Når vår tid er ute – og hans er inne.

11
Okt
10

homiletica: 28. sundag i det allmenne året, st dominikus krk, luk 17,11-19

Kjære brør og systre!

Tekstane i evangeliet er fortetta og dramatiske; vi merker at det er bodskapen om livet som strålar fram frå dei. Fornying og nyskaping av livet er det det handlar om; av kropp og sjel, av mennesket og av verda som det lever i, ei fornying som omfattar både tid og æve. Sjå, eg gjer alle ting nye, seier Herren. Det er summen av frelseshistoria, summen av evangeliet.

Det er denne fornyinga som slår inn når Messias kjem på banen. Den Salva, Davids ætling, oppstanden fra de døde!, som vi høyrde. Fyrst kjem han til folket sitt, går på vegane der og forkynner bodskapen om Guds rike. Og mange ventar på han;  den messianske forventinga. No er han her, på veg mot oss, mot oss som lengtar etter Guds inngrep i livet vårt, etter lækjedom, frelse og forløysing. Dei står langs vegane, langs ruta, dei skjuler ikkje sine plager, at dei er spedalsk og  marginaliserte; dei har ingen ting å tape, men alt å vinne. No ropar dei ut det messianske ropet: Jesus, mester, ha miskunn med oss! Slik vi ropar i messa: -Kyrie, eleison!, Herre, forbarm deg!

Dei ropte på lang avstand,dei ropte av full hals, med heile sitt liv. Da han så dem, står det, svarte han: Gå og vis dere for prestene!. Som om dei alt var reine. For det var prestane i templet som skulle stadfeste at folk var reine så dei kunne delta i kulten, i felleskapen. Så gjekk dei; trua bar dei avgarde; no er det vår time, no når Guds hand meg. Og mens de var på vei, ble de renset!

Men det var berre éin av dei som fullt ut møtte Guds Messias, i meistaren, berre den éine som kom tibake og takka Gud og fekk høyre orda: Reis deg, din tro har frelst deg! Og han var ein framand, ein samaritan. Guds rike er for alle som vil ta i mot det: Messias gjekk heilt til grenselandet, mellom Samaria og Galilea. Og han sende apostlane og kyrkja ut til heile verda, til alle folkeslag.

Brør og systre! Jesu under var teikn, var forsmak på Guds fullkomne rike. Og undera, mirakla,  er stadig slike teikn der menneske blir lækte ved Guds kraft, på kyrkja si forbøn, på helgnane si forbøn.  Dei messianske kreftene, Jesu Kristi kraft, er stadig verksam i verda, gjennom kyrkja, gjennom oss. Og når vi ser desse teikna, både i evangeliet og der dei viser seg også i vår tid, ser vi også kva som er Guds vilje med alt liv. Då ser vi at vi skal bringe rettferd, miskunn, kjærleik og forsoning til alle menneske og at vi skal kalle menneske til å ta i mot Guds rike og Gud frelse i heile sin fylde. Då skjønar vi at vi har ei von å forkynne for ei verd og for eit samfunn som ofte er på randa av desperasjon og kynisme.  Gud elskar den menneskelege familien – og kyrkja sjølv skal vere eit teikn på den nye humaniteten, den nye Guds familie, ei verd der det ikkje er noko ”grenseland”, noko ”vi” og ”dei andre”, slik eg syns det blir meir og meir av no for tida.  

Gud elskar den menneskelege familien, fordi han gjenkjenner sitt eige bilde i eit kvart menneskeleg andlet, i det  spedalske, i det sjuke, i det fornedra, bak synda, bak det forgjengelege, bak alle forskjellar. Aller mest vil han at vi skal gjenkjenne han og ta i mot han som vår Skapar, slik samaritanen tok i mot han; han vendte om og priste Gud med jubelrop, og kastet seg nesegrus for Jesu føtter og takket ham!, høyrde vi.

Brør og systre! We are the world/ we are the children, syng Michael Jackson saman med artistar frå mange land og kulturar; Vi er  verda, saman, vi er alle med i Guds store famile. We are the ones to make a brighter day, so let’s start giving, det er vi som  skal gje verda ljos, så la oss begynne! Det er mange menneske av god vilje og all von, ja alt godt, kjem frå Gud, men eg er sikker på Jesus Kristus, Jesus Messias, er den som aller mest kan halde denne vona oppe. Mennnesket, med heile si utrusting, og med eit evig kall, ja, ei udøyeleg sjel – den målestaven kan lett bli borte; egosimen, det meiningslause og desillusjonerte kan så lett ta over.

Eg ser på mitt liv, eg ser alle eg møter, eg ser denne byen, eg ser verda slik ho er no – og vi har alle grunn til å rope, ærleg, men med von: Jesus, mester, ha miskunn med oss!

 

I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande. Amen.

 

 

 

08
Okt
10

officium: fredag, 27. vike i det allmenne året, 1 tim 6,1-10 (matutin)

«Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta» (v 7)

Er det eit ord som er blitt framandt i vårt samfunn, er det dette. Dei truande kan ein kanskje ta omsyn til, men ikkje til han dei trur på. «Gud» blir ofte  berre eit ord, uttrykk for eit livssyn, ei meining, ei kjensle. At han verkeleg finst – og at han tek seg sjølv høgtidleg – det er blitt ein uendeleg framand tanke for mange. 

Tida er forbi då respekten for Gud kunne lovfestast. No står vi att med det svimlande valet:  Eg kan ignorere han og forakte han – eller eg kan gå han i møte. Det er ikkje noko anna mellom han og oss no enn dette valet.

Det store spelet. På eige ansvar.

06
Okt
10

officium: onsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 tim 4,1 – 5,2 (matutin)

«Den gode læra som du alltid har fylgt» (4,6)

Kyrkja har ei lære og har hatt det heile tida. Læra uttrykjer trua på ein samla, balansert og dimensjonert måte. Det hindrar det einsidige som ofte utviklar seg til det usanne. «Den gode læra»  har plass for alle sidene ved trua; skaping og frelse, kropp og sjel, nåde og livsførsel, individ og fellesskap.

Læra er ikkje turt flisespikkeri, men vegleiing i sunt åndeleg kosthald.   Den gode læra og det gode livet høyrer saman.

05
Okt
10

officium: tysdag, 27. vike i det allmenne året, 1 timoteus 3,1-16 (matutin

«Korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds kyrkje, sannings støtte og grunnvoll» (v 15)

Dei apostoliske breva til Timoteus og Titus er pastoralbrev; konkret instruksjon om kall og oppgåver for dei ulike tenestegruppene og embetsberarane (episkopar, presbyterar, diakonar, enkjer osv) i den lokale kyrkja. Noko som viser at kyrkja heilt frå apostlane si tid har vore eit synleg og ordna samfunn. Livet i kyrkja er noko som skal lærast og innøvast: Kyrkja er eit livsrom, eit miljø, som ein skal «ferdast» i. Kyrkja har sine livsformer og sin indre kultur, sitt etos.

Framfor alt er kyrkja «sannings støtte og grunnvoll». Ho forvaltar Kristusopenberringa, Kristusmyteriet  (v 16); men ho stør og oppmuntrar alt som er sant og godt på alle område av livet.

Verda treng kyrkja – både for tida og for æva.

04
Okt
10

officium: festen for den hl Frans, koloss 3,1-17 (matutin)

 

«Trongen til å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking (v6)

Er det noko som styrer samfunnsutviklinga og livskjensla i vårt samfunn, så er det «trongen til å eiga meir». «Grådighet er bra», kan unge børsspekulantar få seg til å seie, utan å rødme. Dei aksepterte og rådande teoriane for både samfunnsøkonomi og privatøkonomi er bygde på «trongen til å eiga meir».

I dag, på festen for den heilage Frans av Assisi, vil vi markere at dette er ein logikk som ruinerer både mennesket og skaparverket elles. Kapitalisme som systematisk  og uhemma eigartrong er  ei åndsmakt og ikkje berre ein teori. 

Det er avgudsdyrking.

03
Okt
10

carpe diem: Bergen and back

Sundag kveld. Den engelske messa er nettopp ferdig og det er klart for møte i Fides, det katolske studentlaget her ved St Paul krk i Bergen. Det er ein av grunnane til at eg har vore her i helga. Kom for nokre dagar sidan; hadde også foredrag for prestane i Arna og Åsane Prosti (DNK). Har elles møtt vener og kjende her vest. Fint! Og har losjert hos korherrane (prestegarden); som vanleg gjestfritt og triveleg. Dei to fyrste dagane her var det super sol og haustvêr, i går skya det til med nokre regndropar, men det er mildt og fint. Ein litt rufsete vestavind som gjer godt 🙂

Tidlegare i dag presiderte eg ved høgmessa her. Tjøkka fullt, som vanleg; sikkert 25 ministrantar oppe i koret saman med prestane og diakonen, og folk i alle aldrar, storleikar og kolørar nedover i benkene og på galleria. Barnelyd og salmesong. Guds familie!

Toget tilbake til Oslo i morgon formiddag. Alt vel!

02
Okt
10

officium: laurdag, 26. vike i det allmenne året, fil 4,10-23 (matutin)

«Alt maktar eg i han som gjer meg sterk» (v 13)

Paulus skriv om levevilkåra sine. I fengslet fekk han tilsendt ting han trong frå dei truande i Filippi, kanskje frå andre òg. Også materiell støtte og omsorg er eit uttrykk for den kristne kjærleiksfellesskapen og diakonale forpliktinga. Våre gåver er eit teikn på Guds store gåve og Guds generøsitet,både åndeleg og materielt. Alt munnar ut i takk, i gudsteneste, i evkaristi. Då er ringen slutta.

Det er i denne livssamanhengen apostelen lever. Han tek livet som det vert gjeve av Gud til ei kvar tid. Han kan ha lite og han kan ha overflod, han kan vere fri eller i fangenskap – dette er den heilage pragmatismen som gjer at vi kan halde oppe humøret sjølv når det røyner på. Når du er freista til å seie: -Dette greier eg ikkje; så greier du det, likevel. I han som gjer deg sterk.

01
Okt
10

officium: fredag, 26. vike i det allmenne året, Fil 3,17-4,9 (matutin)

«Vi har vår borgarrrett i himmelen» (3,20)

Dette var realistiske ord for kyrkja i aposteltida. Dei visste at alt i denne verda er foreløpig; den truande har sin djupaste lojalitet  i Gud. Kyrkja er ikkje berre ein «åndeleg» fellesskap, men eit synleg samfunn; Guds by (-stat). Der har dei Krist-trugne sitt viktigaste livsrom, også sosialt. Sentrum er feiringa av evkaristien/messa. Kyrkja er Kristi kropp, og mottek Kristi kropp i den sakramentale feiringa. Kring dette organiserer ho kjærleikens samfunn i diakonien.

Den sekulære staten – anten det er imperiet eller den moderne nasjonalstaten – omgjev oss, og vi skal vi lyde alle rette lover og arbeide for at det felles gode får gjennomslag også der. Men også vite at vi er «framande og utlendingar» i alle verdsens land  og statar. Kristi kyrkje er vår heim.




kategoriar