30
Okt
10

officium: fredag, 30. vike i det allmenne året, visdomen 8 (matutin)

«Skam ikkje ut eit menneske som vender om frå synd. Kom i hug at vi alle er skuldige» (v 6)

Den som vender om, treng berre støtte og oppmuntring. Han eller ho har gripe djupt inn i sitte eige liv, har blotta sine sår, stilt seg open for Gud og menneske. Det kostar. Det står respekt av det.

Last ikkje bror eller syster di då, men gå audmjukt vidare på den gode vegen. Sjå kor veik du sjølv er og skjøn at du sjølv treng Guds nåde meir enn nokon gong. 

I det katolske skriftemålsritualet skal presten, etter gamalt, seie til slutt, til den skriftande: -Be også for meg, ein syndar!


12 Responses to “officium: fredag, 30. vike i det allmenne året, visdomen 8 (matutin)”


  1. 1 sol
    oktober 30, 2010 ved 9:28 pm

    «I det katolske skriftemålsritualet skal presten, etter gamalt, seie til slutt, til den skriftande: -Be også for meg, ein syndar!»
    Det visste eg ikkje. men det høyrest riktig ut, og godt.

  2. 2 sol
    oktober 30, 2010 ved 9:35 pm

    (digresjon: gjekk kveldsturen om kyrkjegarden til gamle Lade kyrkje i Trondheim i dag. Den staden har kraft!)

  3. oktober 30, 2010 ved 9:53 pm

    Ja, slik er det. Presten står på likefot med skriftebarnet sitt.

    Viss Lade kyrkjegard har kraft, er det fordi det er ein vigsla stad der menneske gjennom seklane er blitt lagde til kvile med kristen gravferd. Tradisjonelt skal dei kristnes graver vende mot aust, mot altaret i kyrkja; dei avdøde truande tilhøyrer òg det heilage samfunnet; alle er vende mot Han som skal kome att, som ei solrenning, Han som er Oriens, Austerstjerna. Han som stadig kjem i den heilage messa, i nattverdfeiringa. På ein verkeleg kristen kyrkjegard er det englar. Det er det du har merka.

  4. 4 Herman
    oktober 31, 2010 ved 7:49 am

    Hei, Sol!

    Bare for å supplere frater Arnfinn: den store misforståelsen når det gjelder skriftemålet, er jo at det er presten selv som gir absolusjon. Og det er jo galt. Presten er tilstede fordi han er prest, og dermed også forvalter (kursiv) sakramentene. Han synligjør at det er en person som gir absolusjon, og ikke ham selv.

    Det er Kristus som gjennom (kursiv) presten gir absolusjonen. Ellers kunne vi jo bare tilgitt oss selv gjennom ånden, men det å glemme er jo ikke det samme som det å faktisk bli tilgitt av noen (les: Kristus)! Det tok litt tid for meg å skjønne dette selv, men nå står det klart at presten er tilstede for å synliggjøre Kristus, som gjennom presten skjenker sin tilgivelse.

    Dessuten er det lettere å bekjenne sine synder overfor en person en ser, selv om man vet at også Kristus er tilstede, i åndelig forstand. Det synes jeg i hvert fall.

    Ha en fin søndag du også!

    Hilsen Herman

  5. 5 sol
    oktober 31, 2010 ved 5:34 pm

    Arnfinn: Oriens, Austerstjerna. Venus med andre ord! fint bilde.
    Herman: takk for supplement! ha en fortsatt fin søndag.

  6. november 1, 2010 ved 9:21 am

    Ja synden må i tanke være så skammen kan skape så dyp lengsel mot synden at man ser Prester fantasere om tin som går langt forbi normal synd.
    Se mot det indre vakkre mennesket som er fanget av egoet og hodet som vil sitt eget.
    Å slippe det indre menesket fri som detr ståtr i Guds uforanderlige Hellige ord er det få som orker selv om påbudet er der påde i Jesus,Peter og paulus ord.
    Smerten og skammen som er det skallet av våre erfaringer på jorden er ikke vår sanne natur eller mål, vi var Guds bilde men falt så Faderen sendte Han som har beholt bilde (Paulus ord I Guds ord) til jorden så dem som kan forstå Guds ord skal bli frels mens dem som fornekter veien til bilde skal vandre i mørket.
    Så se mot ditt indre vakkre menneske når skallet som du tror du er i alle dine tanker roper på straff og herlighet i selgohet for alt er galt av dette.
    Da vil det man retter seg mot bli større å se en hellig kommer frem i deg.

    Gud velsigne din veg mot målet.
    I Kristus Rafael

  7. 7 Wenche
    november 2, 2010 ved 11:08 pm

    Bror Arnfinn: Kva meiner du med «verkeleg kristen kyrkjegard»?
    Eg synest eg forstår kva du meiner ut frå kjensla eg får når eg er på vår kyrkjegard her. Men likevel, han er vel ikkje meir kristen enn andre kyrkjegardar?

  8. november 3, 2010 ved 8:21 am

    W: Det er fyrst og fremst ein kyrkjegard som er vigsla. Dernest kjem det til uttrykk ved at kristen sed og skikk (gravferdskultur) vert respektert og lagt til rette for. Tradisjonelt låg alle gravene vende not aust, og bårene sette i jorda slik at den avdøde vende andletet mot aust. På same måte som dei truande inne i kyrkja. Dette er sjølsagt ikkje avgjerande, men har ei pedagogisk tyding. Etterkvart har vi mange stader fått ei aukande «kommunalisering» av kyrkjegardar og gravferdskultur.

  9. 9 Solveig
    november 3, 2010 ved 8:33 am

    Ved lade kyrkje er gravene orientert slik. Også estetisk følest det som den rette måten å gjere det på. (igjen triaden det skjønne = det gode = det sanne. Og geometri)

  10. 10 Herman
    november 3, 2010 ved 6:37 pm

    Det Wenche mener er vel at man får den berømte «mørke middelalder»-følelsen fra «den gangen Norge var katolsk», tiden «da vi enda var vantro»… Da var det jo beskrevet slik at man ikke fikk gravlagt døde (drepte) spebarn i vigslet jord. Det ville jo aldri skjedd i dag. Men jeg tror nok at solen skinte i middelalderen også. Det er vel bare det at menneskene tenker ulike tanker til ulike tider, hva vet jeg.

    Hilsen Herman

  11. 11 Wenche
    november 3, 2010 ved 11:23 pm

    Nei, Herman, det er ikkje det eg meiner. Eg vil gjerne halda på kristen sed og skikk, på kyrkjegardar og elles. Men eg trudde at alle kyrkjegardar, enn så lenge, er vigsla og at (dei kristne) gravene, enn så lenge, blir lagde på tradisjonelt vis. Eg er ikkje glad for alle endringane som er føreslegne i gravferdslova.
    Men eg tenkte at me kan ikkje skilja mellom kristen og verkeleg kristen. Kor kristen må kyrkjegarden vera for at det skal vera englar der?
    Eigentleg var det berre ei dveling frå mi side ved dei englane på kyrkjegarden. Eg kan fornemma eit nærvere på kyrkjegarden vår, her eg bur, men eg har ikkje tenkt konkret på englar. Men kanskje er det nettopp det, englar.

    Den kommentaren min verkar som pirk, orsak for det. Eg prøver eigentleg å skjerpa meg.

  12. november 4, 2010 ved 7:56 am

    «Verkeleg» kunne godt vore droppa; men det ligg nok ei bakhovudet ein tanke på ei langsam haling bort frå det kristne preget jfr dei nye lovframlegga. Også på mange vigsla gravstader er det meir parkvesenets reglar enn kristen tradisjon som styrer (t d retninga på gravene).


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: