27
Okt
10

officium: onsdag, 30. vike i det allmenne året, visdomen 6 (matutin)

«For [Visdomen]  går sjølv i kring og søkjer dei som er han verd…og i alle deira tankar  kjem han dei i møte» (v 17)

Den vise søkjer Visdomen – men Visdomen søkjer òg den vise. Dei høyrer saman. Visdomen er i Bibelen framstilt med personlege eigenskapar, noko som peikar fram mot Kristus, Ordet som vart kjøt; han er den inkarnerte Visdomen. 

Det vise livet er ein relasjon, eit samliv med Visdomen. Ein relasjon er open, tillitsfull, parat til å ta i mot den andre. Denne innstillinga – denne måten å leve på – gjer at det som er sant, vakkert og godt opnar seg for deg der du går fram. Sanninga kjem deg i forkjøpet, ho ventar på deg, ho finn deg. 

Visdom og innsikt er ikkje noko du pressar fram. Det melder seg for den som lever i den kontemplative merksemda og forventinga.


2 Responses to “officium: onsdag, 30. vike i det allmenne året, visdomen 6 (matutin)”


  1. 1 Grete Stølen Ringdal
    oktober 27, 2010 ved 3:53 pm

    Tusen takk!! slek er kvardagen ofte her eg er …og eg er ikkje vis nok te å sjøna)))


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: