25
Okt
10

officium: måndag, 30. vike i det allmenne året, visdomens bok 1,16- 2,24

I dag vil eg  leggje ut ein større del av  tekstavsnittet (omsett til nynorsk frå utgåva til Bibelselskapet av dei   s.k. devterokanoniske bøkene i GT)…

«Dei gudlause kallar døden  til seg med hender og munn; dei held han for ein ven og blir borttærde av lengsle og dei har inngått ei pakt med han, for dei fortener å tilhøyra han. Dei seier til seg sjølve, fordi dei ikkje tenkjer rett: «Kort og sorgfylt er livet; der finst ingen lækjedom når menneskelivet endar, og ein kjenner ingen som har vendt tilbake frå Hades (dødsriket). Ved eit tilfelle kom vi til verda, og sidan blir vi som vi aldri hadde vore til; for andepustet i vår nase er ein røyk og tanken ein gneiste som er skapt ved vårt hjarteslag. Når han sloknar, blir kroppen til oske og ånda blir borte som tynn luft.  Namnet vårt blir gløymt med tida og ingen kjem i hug våre gjerningar; livet vårt fær forbi som spora av ei sky og spreiest slik skodda blir fordriven av sola og søkk ned, tyngd av solheten.

For vår levetid er ein skugge som fær forbi og vår død kan ikkje kallast tilbake, han er fastsett og ingen vender tilbake frå døden.  Så kom då; lat oss nyta dei godane som finst og lat oss bruka dei flittig som i ungdomsåra. Lat oss fylla oss med kosteleg vin og med salvar og ikkje lata nokon vårblome gå oss forbi…Ingen av oss må halda seg borte frå sus og dus. Overalt vil vi etterlata oss teikn på kor lystige vi er. For dette er det einaste vi har, dette er vår lut i livet » (1,16 – 2, 9).

Bortsett frå den litt høgtidlege, litterære forma kunne denne teksten vore henta frå ei framstelling av eit moderne livssyn. Ein slags seriøs og fornuftig hedonisme (lyst-filosofi). Visdomsboka tek denne mentaliteten på kornet. Ofte er hedonismen kombinert med ein nihilistisk og kynisk dødslengt. Spranget frå utagerande livsnyting til desperasjon og livsforakt kan vere kort,

Alternativet er den bodskapen vi finn i dei bibelske visdomsskriftene – og i allmen-menneskeleg tenkjing som også ser dygdene som den sanne livsvisdomen. For den truande kan det seiast kort: «Age for Gud [gudsfrykt] er opphavet til visdom» (Sal 111,10)



1 Response to “officium: måndag, 30. vike i det allmenne året, visdomens bok 1,16- 2,24”


  1. 1 Herman
    oktober 26, 2010 ved 7:05 pm

    Veldig fint med litt innblikk, og disse fine bøkene som er tatt ut av Bibelen slik den var i førreformatorisk utgave. Jeg besøker ikke Bibelselskapets sider hver dag dessverre, men det er jo svært interessant at de tar inn over seg at også disse bøkene tilhører Bibelen, riktignok som supplement, men likevel.

    Ha en fin kveld!

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: