25
Okt
10

nota bene: Ein ny populisme

fyrst publisert som kronikk i Aftenposten (kultur), sundag 25/10  -10…

«Grådighet, i mangel av et bedre ord, er bra. Grådighet er riktig. Grådighet fungerer. Grådighet klargjør, skjærer gjennom, og fanger essensen av den evolusjonære  ånd”. Superkapitalisten Gekko i “Wall Street”-serien  lanserer denne livsfilosfien – og får tilslutning frå unge finansheltar og beundrarar her til lands. Som Morten S uttaler til Dagbladet-Magasinet nyleg (18. Sept): -Grådighet er bra!

Dette miljøet – med eit episenter i kule uteplassar som Bar Tjuvholmen som har 1-2000 gjester på ein god sommardag og serverer 10000 flasker kvitvin i løpet av eit par sommarmånader – er kanskje ikkje det mest folkelege ein kan forestille  seg. Men det er grunn til å tenkje seg om. Her er det folk som jobbar seg opp frå folk-flest- laga i samfunnet; slett ikkje berre fiffar og rikmanssøner.  Det er truleg ein  korrespondanse mellom desse outrerte spekulantane og levefolka og haldningar som har fått innpass  mellom vanlege nordmenn. Vi er ikkje lenger så flaue som før for å vise frekk egoisme.

Samtidig er vi stadig meir opptekne av å sikre oss mot at andre skal ta til seg av våre rikdomar og vår velstand. Der den eldre  generasjonen tidlegare stod for nøgdsemd, livsvisdom og idealisme; er det no dei utilsløra eigeninteressene som florerer. Dette kjem tydeleg fram på det politiske planet, der parti som apellerer til ego-populismen, har  framgang, og parti som i ulike leirar har stått for andre verdiar, veks ved å ta etter.  Tilsvarande ser vi at meir idealistiske parti kjempar med å overleve. Kristeleg Folkepartis veg mot stupet er eit kroneksempel på dette. Idealisme blir sett på som dumt, og til og med på venstresida  tek ein til å gje etter for retorikken om det overdrivne “godhetsregimet”.  -Vi må ikkje overlate til høgresida å ta dei tøffe grepa, høyrer vi stadig oftare.

Vel å merke dei tøffe grepa som sikrar at vi får ha vårt i fred. Sterke føringar i miljøpolitikken eller for internasjonal sosial rettferd  er ikkje fullt så populært. Er rett og slett ikkje populistisk.

Som positivt omgrep for folkeleg engasjement, kom populisme-omgrepet  i bruk utover 70-talet.  EEC (EU)-kamp, fredsrørsle og ein ny økonomisk orden til beste for jordas fattige kunne mobilisere. Motstanden mot EEC hadde også innslag av sjølvsikring i seg, men hadde eit anna fokus enn den moderne egoismen; det handla meir om å oppretthalde  ein levemåte knytt til ivaretaking av lokalsamfunna og ein meir puritansk kultur. I mellomtida er desse ideala oppetne innanfrå. Det blir stadig hevda at sinnelagsetikk og livsstilpolitikk ikkje duger for å takle dei store sosiale og økologiske utfordringane, det er sterkare politisk styring som må til. Ja, men politikarane er for det fyrste avhengige av signal nedanfrå og ser etter kva slags oppslutning dei kan rekne med på valdagen. For det andre vil det vere vanskeleg å gjennomføre ein politikk som ingen har vent seg til å ta konsekvensane av i det daglege livet. Politisk endring er både meir truverdig og realistisk der nokon vågar å vise veg i sin eigen praksis. Eg meiner det er uheldig og usunt å isolere det politiske frå det etiske og moralske, og det er det som skjer når individet og dei mindre fellesskapane berre skal vere passive brikker i dei politiske prosessane. Eit samfunn som ikkje lenger har moralske forventingar til borgarane, er ikkje noko verkeleg samfunn. Vi må igjen våge å seie at politikk og dygd høyrer saman; ja, den fundamentale politiske dygda er viljen til å fremje det felles gode. Det kyniske synet på mennesket som grunnleggjande egoistisk og det menneskelege samfunnet som ein potensiell “alles kamp mot alle”, fremjar ei asosial utvikling og opnar for ei autoritær forståing av staten og styremakta. Vi må velje mellom Hobbes’ Leviatan og brorskapstanken.

Problemet med sinnelagsetikken og godleiksregimet på den politiske venstresida er ikkje, som mange vil hevde, at det er for idealistisk og elitistisk. Tvert om er problemet nettopp undervurderinga av den personlege praksisen og integriteten. Å apellere til det gode, legg føringar også på det personlege planet. Å kritisere eit samfunn som ein over lang tid har tilpassa seg, gjer dei politiske programpostane til tomme parolar. Korkje venstresida eller samfunnet elles har for mange moralistar; tvert om er det for få, i tydinga menneske som har ein bodskap om meininga med samfunnet, om kva slags endringar som er nødvendige, og som sjølve kjenner seg forplikta av sin eigen bodskap.

Heldigvis er det etterkvart fleire, særleg unge menneske, som etterlyser til dømes miljøpolitiske vedtak med tydelege fylgjer for   deira eiga livsform. Dette røpar ein annan mentalitet enn den gjengse “grådighetskulturen”. Rosenborgtrenaren Nils Arne Eggen stilte nyleg spørsmålet om kvar vi er komne når unge fotballstjerner startar karrieren med ei årsløn på femten millionar. Det materialistiske trykket både på dei sjølve og på samfunnet rundt dei blir sjølvsagt massivt. Det er all grunn til å spørje kva slags populisme som vert heia fram gjennom elite- og masseidretten i dag. 

Politisk fornying avheng no av ei fornying på det metapolitiske nivået, det nivået der sjølve den politiske overtydinga og det politiske etoset vert forma og gjennomtenkt. Dei politiske strukturane er reidskapar for demokratiet, men demokratiet førutset ein etisk vilje og refleksjon i folket, noko som igjen har med danninga av den menneskelege personen å gjere både som individ og fellesskapsvesen. Den offentlege skulen spelar sjølsagt ei stor rolle her, men også frie miljø og idealistiske rørsler i det sivile samfunnet. I eit pluralistisk samfunn som vårt vil fornyinga av ei etisk og altruistisk haldning avhenge meir av samspel og diskusjon mellom tradisjonar med ein tydeleg profil enn av vage statlege kommisjonar og vedtak. Dei grundtvigianske folkehøgskulane er eit godt døme på danningsinstitusjonar som, i alle fall i utgangspunktet, hadde eit breidt sikte og ein markert visjon av mennesket, samfunnet og kulturen. Her trengs det både vedlikehald av det opphavlege formålet og nyskapande initiativ etter same mønster.

 I fleire europeiske land ser vi at høgrepopulismen er i vekst og kjem til overflata. Som ei blanding av rettmessig frykt for aukande sosial ulikskap, ynskje om retur til ein einsarta nasjonal identitet og stigmatisering av innvandrarar frå andre kulturar, religionar og nasjonalitetar som undermåls inntrengjarar og snyltarar. Alliansen mellom dei ublu nyrike og glad-rike børsspekulantane og den aggressive sjåvinismen i den folkelege kulturen treng ei organisert motvekt. Snart.     

 

 

 


4 Responses to “nota bene: Ein ny populisme”


  1. oktober 25, 2010 ved 9:16 am

    Utmerket kronikk, men den sto ikke på trykk i min Aftenpost sist lørdag!(Derimot en kronikk om fordommer mot svigermødre…)

  2. oktober 25, 2010 ved 10:56 am

    Takk for obeservasjon – eg ser nemleg at eg har skrive feil i farta; det var ikkje laurdag, men s u n d a g kronikken stod på trykk! Sorry! 🙂

  3. oktober 26, 2010 ved 1:19 am

    Det burde jeg forsåvidt skjønt selv, men av en eller annen grunn fikk jeg ikke Aftenposten i kassen på søndag. Godt at du la ut kronikken her på nettet, slik at jeg fikk den med meg! Mange gode og vesentlige tanker du la frem.

  4. 4 MT
    august 9, 2011 ved 11:29 pm

    Ja,stadig like aktuelt !


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: