…har eg flytta meg frå Roma til Ålesund sinda måndag. I går ettermiddag og kveld deltok eg på den store mønstringa for trusopplæringa i Den norske Kyrkja, i den svære messehallen på Lillestrøm- fyst på eit underseminar og så på det store avsluttande fellesarrangementet, med heile salen full. Etterpå var det rett til Gardermoen og siste fly til Vigra, innljosjert på gamle Havly (fiskarheimen) hotell (no: Atlantic-eitt-eller-anna), kort natts svevn og så henta til møte i Norder Sunnmøre prostilag sin studiedag i Volsdalen krk.
Og jammen er det snø her på Nordvestlandet! Surt i går kveld, men friskt i dag! Lauvet er endå på trea og bilane har sommardekk, så dette går nok over. No, om halvannan time, returnerer eg frå Vigra til Oslo/Gardermoen.
Preikebroren manglar ikkje arbeid…
Kva snakka du om på trusopplæringskonferansen?
Må Vår Herre velsigne deg og ditt arbeid! Du går ikke uvirksom!
Hilsen Herman
W: Om at Trusopplæringa ikkje må koke vekk i kålen, alle aktivtetane, men konse på kjernestoffet (Katekisma, enkle bøner, bibelsoge, liturgien). Det er også der foreldra kjenner seg mest heime og kan bidra aktivt til trusfomidlinga. Ingen vil hjelpe bormna med matteleksa dersom ein endrar gangetabellen heile tida og køyrer på med raritetar.
Og at ein må vere tydlegare: Ikkje bere «Vi tror!», men:; Vi trur på Gud, på den treeinige. Ikkje berre: «Lys», «håp», «fellesskap», «julestjerner», «julehjerter» o. l… Blæh!
Altså: Kom til saka!
🙂
Ja, nettopp! Kan du publisera noko om dette – helst i Vårt Land?
Fint om du kan ta med at trusopplæringa må vera på nynorsk for ungar/unge med nynorsk som hovudmål.
Køen av oppgåver er lang, men får eg tid, skal eg skrive noko til VL om trusopplæring generelt. Noko anna er det at det er lettare å få inn kronikkar i Aftenposten og VG enn i VL; det er for mykje kosestoff i den avisa.
Det var hyggeleg liten prat på Vigra. Vi får sjå på kva som skjer i februar når du skal til Volda Lukke til uansett.