20
Okt
10

officium: tysdag, 29. vike i det allmenne året, ester 4,1-17 (matutin)

«Dei fasta og gret og jamra, og mange sov på sekkestrie og oske»  (v 3)

Slik var reaksjonen då eksil-jødane i Persia fekk høyre  planane om at dei skulle utryddast. Sorg og fortviling fekk fysiske, kroppslege uttrykk. Faste, sekk og oske – i den bibelske tradisjonen er dette teikn på bot og sorg. Det er ein måte å be på, med heile seg.

Så heilt motsett den tankegangen vi er fortrulege med. Bøn som berre noko «indre». Ein av kyrkjefedrene (Isak av Ninive) seier at all ekte bøn syner seg i kroppsbruken. Fordi mennesket er både kropp og sjel. Kroppen er på sett og vis meir oppriktig enn sjela; kroppen er ærleg. Kroppen seier kva du eigentleg meiner og har på hjarta.

Faste, sekk og oske – med alt du er,  seier du:  -Herre, hjelp meg, høyr meg; no er det alvor!


4 Responses to “officium: tysdag, 29. vike i det allmenne året, ester 4,1-17 (matutin)”


  1. 1 Solveig
    oktober 20, 2010 ved 8:01 am

    In Anfang war die Tat: Tenkningen (og dermed også bønnen) er fundert i handlingen og viser seg dermed kroppslig; på ett eller annet vis. (kan bønn noengang være så «stille» at kroppen ikke avslører den?)

  2. oktober 20, 2010 ved 9:19 am

    Ja, men då må kroppen ha blitt stille fyrst. Ha samla seg. Kroppen er alltid involvert. Men også ein slik «stille kropp» kan merkast. Ein kropp som røpar fred.

  3. 3 Solveig
    oktober 20, 2010 ved 9:31 am

    ja, 🙂 Sjøl, med fire barn i huset, to kattar og mann, får eg den tida til å samle meg gjerne ute i naturen (og med natur meiner eg også bynatur), eller på kontoret når det er stille i bygningen rundt meg. No skal eg forøvrig til å lese i Forskningsetikk, og ser at du er intervjua om kroppen som reint legemleg i betydninga død. Bra!

  4. oktober 20, 2010 ved 10:55 am

    Artig at du dumpa på det bladet. Eg blei intervjua etter eit foredrag eg hadde i «Skjelettutvalget» (det heiter faktisk det!)..


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: