20
Okt
10

officium: onsdag, 29. vike i det allmenne året, ester 14, 1-19 (matutin)

(dei som ikkje har ei katolske bibelutgåve, finn dette avsnittet av Ester-boka i den norske  bibelutgåva med dei sk GT-lege «apokryfane», dei devterokanoniske bøkene, også utgjevne som eiga bok; begge deler på Bibelselskapet)

«Dei har svore å stoppe munnen på dei som lovar deg» (v 7)

Motstanden mot Gud er motstand mot at det vert tala om Gud. Du kan kanskje få lov å ha ei slags hemmeleg tru, ei uskadeleggjort og ufårleggjort tru, men du må teie om det, du må ikkje gjere trua di gjeldande. 

Kyrkja, Guds-folket, talar om Gud også ved si lovprising og si gudsteneste. Gudsteneste er open og offentleg tale om Gud. Alt vi seier om Gud, skal berast av lovsong, skal ha jubeltonen i seg.  Sjølv i fortviling og under motstand er  vi på offensiven. 


 



5 Responses to “officium: onsdag, 29. vike i det allmenne året, ester 14, 1-19 (matutin)”


  1. 1 Kjellaug
    oktober 20, 2010 ved 7:53 am

    Det er også motstand mot å blanda Gud og politikk – enten det gjeld miljø eller Midtausten. Fingrane av fatet. Me må ikkje teia.

  2. oktober 20, 2010 ved 7:58 am

    Talar vi om Gud, gjeld det alle sider ved livet, ja. Og alt som hender i verda. Men kyrkja kan berre tale, ikkje tvinge.

  3. 3 Herman
    oktober 21, 2010 ved 4:47 am

    Memn hvem gir denne jubeltonen? Mennesket eller Gud? Du sier at alt vi sier om Gud skal bæres av lovsang o g ha jubeltonen i seg. Det kan både virke som et krav, eller et «kontrollpunkt» for å skille det ene fra det andre.

    Hilsen Herman

  4. 4 spjot
    oktober 21, 2010 ved 10:28 am

    Eit tips: For dei som ikkje har dei apokryfiske skriftene i heimen finst dei noline på bibelselskapets nettside; http://www.bibel.no/nb-NO/sitecore/content/Home/Hovedmeny/Nettbibelen.aspx
    Gå ned på menyen til venstre og kryss av rubrikken «Med dei deuterokanoniske bøkene» God bok.

  5. oktober 21, 2010 ved 10:38 am

    Takk, brHaavar! PS Har du framnleis bruk for norsk utgåve av konsildokumenta (Vat II)? Eg har funne ei utgåve (som eg eigentlig ikkje har lov å fjerne frå biblioteket); skal sjekke om dei har henne på St Olav. Det er ei innbundinga av fleire einsilddokument.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: