17
Okt
10

officium: fredag, 28. vike i det allmenne året, Malaki 1,1-14; 2,13-16 (matutin)

«Frå lengst i aust til lngst i vest er mitt namn stort mellom folkeslaga. Alle stader brenner dei reine offer som dei ber fram for meg, for mitt namn er stort mellom folkeslaga, seier Herren, Allhærs Gud» (1,11)

 

Kyrkja har høyrt dette Malaki-ordet som ein profeti om messa, om evkaristien. Den universelle gudstenesta som  blir feira i det templet som er Kristi kropp, i kyrkja. 

 

Denne gudstenesta er eit offer; det er den stadig ihukominga i nattverdfeiringa av Jesu eige offer, fordi han sa: «Gjer dette til minne om meg».  Vi innesluttar alt i hans offer; brødet, vinen, skaparverket, pengane og resursane våre, sorger og gleder – og overgjev det til Faderen, ved Kristus, i Anden. Lovsongen tonar  og  røykjelsen stig opp. som hylling og som bøn. 

 

Slik faldar Guds namn seg ut som ei fane over verda.


0 Responses to “officium: fredag, 28. vike i det allmenne året, Malaki 1,1-14; 2,13-16 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: